NRK Meny
Normal

Kollisjonskurs om Fjord1

Eit stort fleirtal i Møre og Romsdal fylkesting vil ha inn private medeigarar i Fjord1. Dermed er Møre og Romsdal på kollisjonskurs med Fylkestinget i Sogn og Fjordane som nyleg avviste å opne for private medeigarar.

Sognebåten
Foto: NRK

Fjord1 har bede om 250 millionar kroner i ny aksjekapital for å stå sterkare rusta til å konkurrere om ferjeoppdrag i heile landet. Selskapet er i dag eigd av dei to fylkeskommunane, og fylkestinget i Sogn og Fjordane sa nyleg at dei vil skaffe sin del av aksjeutvidinga sjølve og ikkje trekke inn private medeigarar.

- Vil ha strategisk medeigar

I dag seier fylkestinget i Møre og Romsdal også ja til å stille med sin del, men heile fylkestinget vil også jobbe for å få inn nye medeigarar, seier fylkesordførar Jon Aasen.

- Kravet til eigenkapital vil vere sterkt stigande framover, og då ynskjer vi å ha ein strategisk medeigar, for vi ser det ikkje som rett å bruke pengane til skattebetalarane til forretningsdrift på denne måten.

- Historisk for Frp

Og gruppeleiar for Frp i Møre og Romsdal, Oskar Grimstad, jubla over støtte for det han meiner er deira politikk.

- Det er ein historisk dag i dag når fleirtalet har kome over til det standpunktet vi har hatt i lang tid og no vil ta inn eksterne eigarar, og det er vi glade for. Vi har eit maritimt miljø i Møre og Romsdal som definitivt kan vere med og vidareutvikle Fjord1, også i Sogn og Fjordane.

 

Fylkesordførar Nils R. Sandal
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Men Sogn og Fjordane seier nei

Men det er Sogn og Fjordane som eig fleirtalet av aksjane i Fjord1, kring 60 prosent, og fylkesordførar Nils R. Sandal seier hans mandat til generalforsamlinga blokkerer Møre og Romsdal sin vilje.

- Som den største eigaren kan eg ikkje sjå at mindretalet sitt syn skal gjelde. Det er fleirtalet som må bestemme.

- Er det grunnlag for å invitere politikarane til ein ny debatt på bakgrunn av det standpunktet Møre og Romsdal fylkesting tek?

- Nei, pr i dag ser eg ikkje nokon grunn til det. No må konsernet sjølv vurdere dei innspela og dei signala som har kome, og så får vi sjå om det er grunnlag for å konsultere eigarane på eit seinare tidspunkt.

 

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.