Hopp til innhold

Kollisjon ved Mo i Førde

To bilar har vore bort i kvarandre med speglar og side i ein sving ved Mo på E39 i Førde. Det er berre meldt om materielle skadar, opplyser politiet. Det var til saman tre personar i dei to bilane, men det skal stå bra til med alle. Politiet fekk melding om hendinga klokka 10.11. Politiet driv manuell dirigering på staden.