Trafikkulykke mellom Førde og Florø

Ein bil fekk sleng på glatta og small inn i ein annan bil ved Grov på riksveg 5 mellom Førde og Florø. To personar er sende til lege for helsesjekk.

Ulykke Grov

KRAFTIG SMELL: Dei to bilane fekk store materielle skadar.

Foto: Truls Kleiven / NRK

Ulykka skjedde i 14-tida då den eine bilen fekk sleng og kom over i feil køyrefelt på riksveg 5 ved Grov.

Det sat to personar ein Opel Vectra som køyrde i retning Eikefjorden. I den andre bilen var det ei kvinne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykke Grov

GLATT: Vegen var glatt då denne bilen fekk sleng og hamna i feil køyrefelt.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

To personar er sende til legevakta i Florø med ambulanse for legesjekk. Det er snøføre og glatt på staden. Saka vil bli vidare etterforska av Flora politistasjon.

NRK anbefaler

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.
Barn som lager mat. Naturbilder fra Hopland og Randabygd. Barn som forklarer hvordan arbeidet på kaféen er. Barn som serverer mat. Uteservering med utsikt.
Konkurransetilsynet nekta i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja selskapet til Torghatten, fordi det nye selskapet ville blitt for stort og fått for mykje makt.