Hopp til innhold

Kollisjon mellom buss og personbil i Aurland

Ein person skal vere lettare skadd etter ein kollisjon mellom ein buss og ein personbil på fylkesveg 50 mellom Hol og Aurland i Sogn.

KOLLISJON: Ulukka skal ha skjedd mellom Berdal- og Nesbøtunnelen på fylkesveg 50.

Meldinga om ulukka kom like etter klokka 16:40.

Operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt seier til Firda at ein person har meldt ifrå om lettare skader etter ulukka. Personen er medviten. Samsonsen seier også at brannvesenet er på staden, medan politi og ambulanse er på veg.

Klokka 17:45 melder Vest politidistrikt at den skadde personen vert køyrd til legevakt, og at det er manuell dirigering på ulukkesstaden.

Ifølgje Vegtrafikksentralen skjedde ulukka mellom Berdal- og Nesbøtunnelen. Begge tunnelane vart stengde ei periode, men litt etter klokka 18:10 melder Vegtrafikksentralen at vegen er opna att.