Hopp til innhold

To til sjukehus etter kollisjon i Myklebustdalen

To bilar har frontkollidert i Myklebustdalen på fylkesveg 614 i Bremanger. To personar er sende til sjukehus med ambulanse.

Ulukke i Myklebustdalen

Det var til saman fire personar i køyretøya. Alle fire klaga over smerte i bryst eller rygg. To vart køyrde med ambulanse til sjukehuset i Førde, dei to andre til legevakt på Hauge. Det fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Begge bilane var norskregistrerte.

– Politiet er på ulukkesstaden og set i gang etterforsking. Vi har ikkje fått snakka med dei involverte, seier Rebnord.

Vegen er open for trafikk etter å ha vore stengd i samband med ulukka.