NRK Meny
Normal

Skyssbåten kolliderte med hurtigruteskipet «Lofoten»

Hurtigruteskipet «Lofoten» og den lokale skyssbåten «Øyglimt» køyrde i kvarandre like utanfor Måløy kai i halv ni-tida onsdag. Det er ikkje meldt om personskade, men det vart ein del materielle skadar på skyssbåten.

Skyssbåten Øyglimt etter kollisjon

BERRE MATERIELL SKADE: Skyssbåten fekk skade i baugen.

Foto: Politiet

Det var 86 passasjerar og eit mannskap på 39 om bord på «Lofoten». Ombord i «Øyglimt» var det ein person, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy.

– Uhellet skjedde då skyssbåten var på veg frå Silda til Måløy for å starte ruta si. Skipperen var åleine ombord. Hurtigruta hadde akkurat lagt frå kai og var på veg nordover. Utanfor Trollebø skjedde det ein samanstøyt mellom dei to båtane.

Ingen personar kom til skade, men det vart ein del skade i baugen på skyssbåten.

– Skaden er over vasslinja, og båten tek ikkje inn vatn, seier Hvattum.

Hurtigruteskipet Lofoten ligger værfast i Ila

IKKJE SKADE, MEN FORSEINKA: Hurtigruteskipet «Lofoten» vart forseinka av samanstøyten, skipet kunne halde fram nordover i titida.

Foto: Trond E. Haugan

Ikkje ruspåverknad

Han kan ikkje seie noko om årsaka til kollisjonen.

– Det skal etterforskinga gje svar på, så det har eg ikkje lyst til å uttale meg om i dag. Vi har snakka med skipperen på skyssbåten og teke alkotest av han og gjort det same med dei som var på brua på hurtigruta.

Det er ikkje mistanke om ruspåverknad.

– Eg var uoppmerksam

Men skyssbåtskipper Kåre Silden tek på seg ansvaret for det som skjedde.

– Eg var uoppmerksam, eg såg på ein båt som passerte på andre sida, og samstundes var hurtigruta akkurat i lysa frå Måløy sentrum. Eg gjekk med redusert fart, så det vart ikkje nokon hard samanstøyt. Eg trefte sida på hurtigruta.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser