Hopp til innhold

Kollegagjengen sette inn kajakk for bil

Dei har sykla til jobb og dei har teke fjellvegen heim att frå jobb. Sjøvegen med kajakk vart neste prosjekt for kollegaene.

Tilsette hos Fylkesmannen padla til jobb

UTFORDRAR KVARANDRE: Fleire av dei tilsette hos Fylkesmannen har funne ut at det er mogleg å kome seg på jobb på andre måtar enn med bil og buss. Fredag stod padling for tur. Her skimtar dei Ylvisåker på veg frå Sogndal til Leikanger.

Foto: Jørgen Tistel

Medan dei fleste vel bilen til jobb på ei strekning så lang som frå Sogndal til Leikanger, men ikkje denne gjengen. Fleire av dei tilsette hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har funne ut at det går fint an å komme seg på jobb på andre måtar.

– Vi er ein gjeng som likar å utfordre kvarandre, og i vinter fann vi ut at det var ein god idé å teste kajakk til jobb, fortel seniorrådgjevar Jørgen Tistel.

Invitasjonar vart sendt ut. Turen skulle gå 27. mai klokka 05.00 frå Sogndal, og det klaffa heilt og fullt med vêrgudane sine planar. Seks av dei tilsette gjorde alvor av idéen.

Toril Mulen

RUTINERT: Toril Mulen er ei rutinert villmarkskvinne, fortel Jørgen Tistel.

Foto: Jørgen Tistel

– Det var ein veldig flott tur med fint vêr, fin temperatur og medvind i ryggen. Eg trur til og med at straumane i sjøen førte oss raskare fram. Vi hadde rekna at vi kunne bruke fire timar, men vi brukte to timar og femten minutt.

Fleire eksperiment bak seg

Dette er ikkje første gongen dei har prøvd seg på alternative måtar å kome seg på jobb.

– Tidlegare har vi prøvd sykkel, og vi har sprunge heim att frå Leikanger over fjellet. Det er ein langt tøffare tur då, men det er artig å utfordre kvarandre, seier Tistel.

I tillegg kan han fortelje om ein fjerde metode.

Robert Tellvik

TESTA SKI: Robert Tellvik har også gått på ski til jobb, med overnatting imellom.

Foto: Jørgen Tistel

– Robert Tellvik gjekk på ski i januar frå Sogndalsdalen over fjellet og til Leikanger med overnatting i telt. Han var på jobb før klokka 09.00, men forsøket måtte likevel underkjennast sidan han ikkje informerte eller inviterte sine gode kollegaer på førehand, seier Tistel spøkefullt.

Det var i grunn tilfeldig at det heile start.

– Noko av hensikta med desse forsøka er å synleggjere kor viktig det er å halde seg i god fysisk form, samstundes som vi kan gjere noko artig med gode kollegaer i fritida. Dette er med å byggje eit godt arbeidsmiljø, seier Tistel.

Utfordrar Fylkesmannen

Framleis har dei til dømes ikkje testa rulleski, men det blir nok ikkje fleire eksperimentelle turar til jobb i år.

– Men du skal ikkje sjå vekk frå at vi prøvar på nytt neste år, og då må vi prøve å få med Fylkesmann Anne Karin Hamre, seier seniorrådgjevaren.

– Var ho blant dei som trekte seg?

Eskil Nötesjö

PÅDRIVAR: Eskil Nötesjö har vore ein av pådrivarane for padleturen.

Foto: Jørgen Tistel

– Det kan godt hende. Ho kan sjå på dette som ei personleg utfordring, seier Tistel og ler.

For padleturen gav meirsmak.

– Bortsett frå å stå opp klokka halv fem, så vil eg seie at den var heilt fantastisk. Det blei ein fin dag på jobb sjølv om vi var litt trøytte.