Kollegaer startar innsamlingsaksjon for brannråka familie

Vener og kollegaer har starta innsamlingsaksjon for den brannråka familien på Hardbakke i Solund.

Husbrann på Hardbakke i Solund

TOTALSKADD: Bustadhuset vart totalskadd i brannen måndag.

Foto: Tom Erling Bahus

Tysdag kjem krimteknikarar til Hardbakke for å prøve å finne årsaka til brannen som gjorde familien på fire huslause.

– Vi bestemte for at vi måtte prøve å hjelpe med det vi kunne, anten med pengar eller ting dei har bruk for, seier Ingelin Stølen.

Stølen er arbeidskollege med kona i familien. Frå arbeidsplassen såg dei røyken velte opp frå huset.

– Det var eit skremande syn. Vi såg det var full fyr i huset, og var sjølvsagt redde for at det skulle vere folk i huset. Det var det ikkje, og det har heldigvis gått bra med alle som bur i huset, seier Stølen.

Etter at dei oppretta innsamlingsaksjonen på Facebook måndag ettermiddag har responsen vore stor.

– Etter berre tre timar så hadde vi fått inn over 20 000 kroner, seier Stølen.