Hopp til innhold

Kollegaer i sorg etter bussulykka på Ringerike

Ein sjåfør frå Jølster og ei jente frå Flora omkom i natt, då bussen dei sat i og eit vogntog kolliderte ved Sokna i Buskerud.

Jostein Gjermundstad

TRIST DAG: Jostein Gjermundstad er tillitsvald i Firda Billag. Han seier dette er ein tung dag og at tankane går til dei pårørande.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Dei nærmaste pårørande er varsla, og politiet vil offentleggjere identiteten på dei omkomne når resten av familiane har fått beskjed.

Ifølgje ei pressemelding frå politiet er dette dei omkomne:

• Sjåfør av bussen, mann, fødd 1963, Jølster

• Passasjer, jente, fødd 1997, Flora

• Passasjer, mann, fødd 1944, Hemsedal

Politiet jobbar med å kartleggje kva som har skjedd i samband med ulykka. Nokre vitne er avhøyrde, mellom anna sjåføren av vogntoget som bussen kolliderte med.

Han har førebels status som sikta, og førarkortet er rutinemessig beslaglagt.

Tung dag for kollegaene

Flagg på halv stang ved Firda billag

PÅ HALV STANG: Ein bussjåfør ved Firda Billag omkom då bussen og eit vogntog frontkolliderte.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Jostein Gjermundstad er tillitsvald i Firda Billag, og seier det er ein tung dag for dei tilsette.

– Dette er slikt vi ikkje ønskjer å få beskjed om. Å bli vekt om natta og få ein slik beskjed, det er mange tankar som svirrar no.

Kollisjonen skjedde på riksveg 7 ved Veme, to mil nordvest for Hønefoss sentrum rett før midnatt. Like etterpå køyrde ytterlegare eit vogntog inn i dei to køyretøya

To menn og ei kvinne omkom i frontkollisjonen mellom bussen og vogntoget. Bussen høyrer til Firda Billag og politiet i Buskerud stadfestar at sjåføren er ein av dei som omkom.

Til saman var det ni personar i bussen. Tre blei skadde og blei frakta til sjukehus, medan tre kom fysisk uskadde frå ulukka.

– Dette er ein tung dag

Jostein Gjermundstad seier han i løpet av morgontimane har snakka med ein del av dei tilsette som kom tidleg på jobb.

– Alle tek det tungt. Når ein kollega blir usett for noko slikt, er det ikkje lett.

Bussane til Firda Billag har starta på rutene sine og Gjermundstad seier livet må gå vidare.

– Vi tok kontakt med sjåførane som kom i femtida og informerte dei om kva som hadde skjedd. Dette er ein tung dag.

Gjermundstad seier det er godt forhold mellom kollegaene og at dei har prata med kvarandre.

– Men tankane våre går jo sjølvsagt mest til dei pårørande, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jostein Gjermundstad og Peter Midtun

KRISESTAB: Tillitsvalt Jostein Gjermundstad og administrerande direktør Peter Midtun i Firda Billag har mista ein kollega. Selskapet har i natt site i krisestab.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har ein farleg arbeidsplass

Det siste halvåret har det skjedd to andre alvorlege ulukker ved buss. I sommar kolliderte to bussar ved Farnes i Sogndal og to personar omkom. I haust blei tre personar drepne på Valdreekspressen.

– Slike hendingar er ikkje bra i det heile teke. Vi som sjåførar lever på vegen og det er klart marginane er små. Vi har ein farleg arbeidsplass. Ord blir fattige i dag, seier Gjermunstad.

Blir det vanskeleg å gå på jobb framover?

– Tankane svirrar og det vil dei gjere lenge når slikt skjer. Eg er sjølv sjåfør på den ruta, og denne ulukka vil nok komme fram igjen lenge, seier han.