NRK Meny
Normal

To raude, åtte gule og trenar bortvist: «Har ikkje vore borti så gale nokon gong»

Kampen for å overleve har blitt endå tøffare for Tornado Måløy, som no risikerer fleire kampar utestenging for trenar og kaptein på laget.

Mange gule og raude kort

MANGE SITUASJONAR: Kampen mellom Tornado Måløy og Skarbøvik vart tett og tøff. Dommar Vegard Yndestad gav det raude kortet til Gisle Myhre (t.v.) og Sveinung Frantzen (t.h.). Også trenar Geir Ove Refvik vart bortvist (biletet i midten).

Foto: Stig Høynes / NRK

– Eg har ikkje vore borti noko så gale nokon gong, med åtte gule, to raude kort og ein bortvist trenar. Det er graverande når det går på person som i dette tilfellet. Frustrasjonen kan ikkje gå utover dommaren, sjølv om dei ligg utsett til på tabellen, seier Torstein Kvam.

Dommarobservatøren var sjølv til stades under den viktige kampen på Refvika i Vågsøy. Heimelaget Tornado Måløy ligg svært utsett til på direkte nedrykk i 3. divisjon, og situasjonen vart ikkje betre etter 1-3-tapet for Skarbøvik.

Ein situasjon som enda med raudt kort eskalerte då Tornado Måløy-kapteinen tok til motmæle. Dommar Vegard Yndestad meiner ordbuken som følgde var uakseptabel, og gav kapteinen direkte raudt kort – dagens andre med berre nokre minutt i mellom for heimelaget.

– Kapteinen til Tornado Måløy kom springande opp mot meg. Så skreik han: «Er du heilt idiot?!» Eg rygga lenger bak. Då skreik han til meg: «Du er ein skam for fotballen». Det var ein svært krenkande og grov språkbruk, og eg gav direkte raudt kort. Det er eg heilt klar på, seier Yndestad.

– Vi kan ikkje tolerere ein så grov språkbruk i fotball. Det er langt over streken.

Kapteinen avviser påstandane frå dommaren

Sjølv meiner Tornado Måløy-kaptein Sveinung Frantzen at han har blitt straffa på grunn av det han kallar stort engasjement mot dommaren sine avgjerder. Han avviser at han har sagt det dommaren påstår.

– Det heng ikkje på greip i det heile teke. Korkje eg eller dommaren har bevis på kva som vart sagt, men no er vel han i ein såpass freda situasjon at han kan seie dette. Det synest eg er merkeleg, seier Frantzen.

– Kva sa du, då?

– At dette er ein skam. Det er det eg står på. Eg kan ha sagt at det var ei skandaløs avgjerd. Men eg tek fullstendig avstand frå at eg skal ha komme med slike personlege utsegner mot han. Det hadde vore uakseptabelt.

Også trenaren hamna i klammeri med dommaren

Seinare i kampen enda også trenar Geir Ove Refvik opp med å bli bortvist frå benken. Dommar Yndestad meiner den røynde trenaren hadde fått tilsnakk fleire gongar, og at han ikkje lenger kunne godta Refvik si framferd på sidelinja.

– Det kom til eit punkt der nok var nok. Eg måtte vise han bort. Han braut reglane gong på gong, og assistendommar hadde gitt beskjed – så vi måtte til slutt vise han bort frå benken, seier Yndestad.

– Det vart først gitt to raude kort nesten samstundes. Med det vart det frustrasjon på benken. Og trenaren vart heilt korrekt bortvist, etter at han tidlegare hadde fått tilsnakk. Han protesterte høglydt utanfor den tekniske sona, seier dommarobservatør Torstein Kvam.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegard Yndestad gir Sveinung Frantzen raudt kort

RAUDT KORT: Vegard Yndestad gir TMFK-kaptein Sveinung Frantzen det raude kortet for kjeftbruk.

Foto: Stig Høynes / NRK

– Dommaren mista kontrollen på det som skjedde

Geir Ove Refvik vedgår at han kan ha overreagert, men kan ikkje sjå at Tornado Måløy har gjort noko uakseptabelt.

– Det er mykje vi skulle hatt ugjort. Men eg har til dags dato – gjennom eit langt fotball-liv – aldri høyrt ein dommar seie: «Veit du kva, dette var dårleg av meg. Når eg ser tilbake på dette, var det feil».

Han held fram:

– Er ikkje det rart? Jo, det er veldig rart. Vi høyrer ofte at keeperane er beskytta, men jaggu er dommarane beskytta også, seier Refvik.

– Når spelarane føler at avgjerdene er så urimelege at dei er uforståelege, må også terskelen for å reagere kunne hevast. Då det kokte, mista dommaren kontrollen på som skjedde. Og det er ei ærleg sak. Alle kan miste kontrollen, men då blir det for dumt å skyve over på oss at vi oppførte oss uakseptabelt.

Stoler på dommaren sin versjon

Saka ligg no på bordet til Hordaland fotballkrets. Direkte raudt kort medfører normalt to kampar utestenging. Ein bortvist trenar kan forvente seg éin kamp på sidelinja. Men dersom krinsen bestemmer seg for strengare straff, kan det fort koste Tornado Måløy dyrt – med fleire kampar i suspensjon.

Det er ikkje gode nyhende for eit lag i poengnaud.

Og no står påstandane frå kaptein og dommar ord mot ord.

– Eg stolar på dommarane i slike situasjonar. Dommaren var svært tydeleg på kva kapteinen hadde sagt. Eg høyrde ikkje sjølv kva han sa, men eg høyrde korleis han skreik og gaula gjennom resten av kampen. Ein kunne høyre det over heile stadion, seier Kvam.

– Det var ein kamp som betydde mykje frå begge lag. Det var høg temperatur, og begge tråkka til. Og korta som vart gitt var på sin plass og i høve reglementet, seier Yndestad.

Klubben er i desperat poengnaud

Sveinung Frantzen meiner det må vere lov å vise engasjement og stå opp for klubben sin. Han vedgår samstundes at Tornado Måløy er i ein vanskeleg situasjon.

– Dette kan vise seg veldig uheldig. Vi har Stryn borte førstkommande helg, og så er det to heimekampar mot Norborg og Larnes Gursken. Vi MÅ vinne dei to heime. Det fortel alt om kor viktig det er å ha med både spelarar og trenarar inn mot desse kampane, seier han.

– Eg har tru på at vi skal klare dette uansett korleis det går med dei to neste kampane. Det er mange poeng igjen å kjempe om. Så vi må ha trua. Tornado Måløy høyrer heime i 3. divisjon, seier Frantzen.

Vegard Yndestad viser bort trenar Geir Ove Refvik

TEMPERATUR: Tornado Måløy-trenar Geir Ove Refvik vart vist bort frå benken av dommar Vegard Yndestad.

Foto: Stig Høynes / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser