NRK Meny
Normal

Kokheitt båtsal i tropevarmen – leverer nye båtar på samleband

FLORØ/SANDE (NRK): Den uvanleg solrike våren i Sør-Norge har for alvor sett fart på båtsalet. Nordmenn står nærast i kø for å skaffe seg båt.

Kurt Hellesen

POPULÆRT MED BÅT: Seljar Kurt Hellesen i Florø seier dei har hatt eit godt sal på starten av sesongen.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Etter at godvêret og varmen kom, har det vore full fart. April og mai har vore fantastiske, seier seljar Kurt Hellesen ved Solheim Diesel AS i Florø.

Det at varmen kom så tidleg, har ført til auka av sal av det Hellesen kallar «godvêrsbåtane».

– Som til dømes skjærgårdsjeepane på 14–17 fot. Det er overraskande at dette kom så tidleg, for dette er båtar som vi sel mest av når det nærmar seg ferietid.

Han seier at dei ligg godt an på alle salskontoar så langt i år.

Sel i bøtter og spann

Døskeland Marine

ULIKE TYPAR: Nokre likar best båtar som går fort, andre vil fiske.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Dagleg leiar Leif Bergaas i båtbransjeforbundet NorBoat seier salet tok av då tropevarmen kom i Sør-Norge.

– Det blir seld båtar i bøtter og spann. Våre medlemmer rapporterer om både 20 og 30 sal i veka. Vêret har utruleg mykje å seie for salet. Når vi skal gjere opp status for mai, trur eg at salet viser ein vekst og framgang samanlikna med i fjor.

Han kan ikkje vise til konkrete tal, men seier dei får informasjon frå båtforhandlarar over heile landet.

– Frå Trondheim og sørover har det verkeleg eksplodert. Det blir seld mest av båtar mellom fire og åtte meter. Om kjøpa kanskje ikkje er impulsive, så er avgjerdsprosessen rimeleg kort.

Det finns enno ikkje eit obligatorisk fritidsbåtregister i Norge, men Bergaas seier at ei båtlivsundersøking viser at det er 948.000 fritidsbåtar, inklusive kanoar og kajakkar.

– Det blir seld mellom 10.000 og 12.000 nye kvart år. Norge er eit fantastisk land å drive med båt og båtliv. Vi har ei 100.000 kilometer lang kystlinjer og med nesten ein million små og store fritidsbåtar, står båt og båtliv sterkt i Norge.

Mange småbarnsfamiliar

Ved Marineservice i Oslo merkar dei stor pågang.

– Det er heilt vilt. Vi har dobla omsetnaden så langt i år samanlikna med same periode i fjor, seier Anett Færevik.

Ho fortel at dei nærast jobbar døgnet rundt for å ta unna alt.

– Mange ønskjer seg vasscooter, men vi har også mange småbarnsfamiliar som kjøper sin første båt. Dette er gjerne små og opne båtar med påhengsmotorar på 9,9 hestekrefter.

Godt over fjoråret

Andreas Erdal

GLER SEG: Butikksjef Andreas Erdal har hatt ein god mai månad.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Også Døskeland Marine på Sande i Gaular har opplevd eit renn av kundar inn dørene. Butikksjef Andreas Erdal gler seg over rekordsal.

– Mai i år er den beste månaden vi har hatt nokon gong.

Ifølgje Erdal går det mykje i skjergardsjeepar, men også båtar som passar til fisking.

– Det er klart at det fine vêret spelar ei rolle, samstundes som vi har hatt auke over tid.