Hopp til innhold

Kø av klagarar etter avslag på kulturmidlar

Fylkeskommunen har over ein halv million mindre å rutte med til kultur. Det får blant anna Fres festival merke.

Fres

EIN AV SEKS: Fresvik festival er ein av seks som har klaga vidare avslag om kulturmidlar.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Frå 2016 til 2017 er kulturpengane redusert med ein halv million. Dugnadsfestivalen er blant seks søkjarar som har klaga inn avslag om kulturmidlar frå fylkeskommunen i år. Denne veka skal politikarane i fylkesutvalet behandle desse.

– Å arrangere ein festival på nasjonalt nivå er ikkje gjort gratis, så vi treng alle midlane vi kan få, seier festivaladmiral Håvard Ese Eliassen.

Festivalen blir arrangert i den vesle bygda Fresvik som ligg inst i ei vik i Sognefjorden. Kvar sommar sidan 2005 har musikk frå artistar som Veronica Maggio og Odd Nordstoga samla tusenvis av musikkglade på Fresn.

Fylkesdirektøren la avgjerande vekt på om søkaren har fått stønad frå musikkfestivalordninga til kulturrådet. Fres festival fekk 100.000 kroner av kulturrådet, men det var frå arrangørstøtteordninga. Festivaladmiralen meiner det ikkje burde vere einaste kriterium for tildeling.

– Fylkeskommunen har ein vedteken kulturstrategi. I den oppfyller vi alle kriterium for å få stønad frå fylkeskommunen. Dei har likevel valt å legge avgjerande vekt på det som skjer på kulturrådet sitt kontor i Oslo. Det vart ikkje gjort godt nok kjent i søkeprosessen, meiner Ese Eliassen.

Håvard Ese Eliassen, presseansvarleg i Fres festival

FESTIVAL I BYGDA: Festivaladmiral, Håvard Ese Eliassen, er ein av dei som står bak Fres festival eller «Fresn» på folkemunne. I over 12 år har festivalen vakse jamt og samlar no tusenvis i den vesle bygda.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Strammare prioriteringar

Fylkesrådmannen har gjeve si vurdering før klaga skal opp i fylkesutvalet. Han rår fylkesutvalet om å ikkje ta Fres festival sin klage til følge.

– Fylkeskommunen legg seg på kulturrådet sine prioriteringar. Det meiner vi ikkje er så urimeleg, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Andre klagarar på avslag om kulturmidlar er blant anna Sunnfjord Kunstlag og Vestnorsk sommarsymfoni. Eriksen peikar på at dei har fått fleire klagar i 2017 enn tidlegare år, og at alle desse gjeld tilskot til prosjekt og tiltak.

– Det har nok samanheng med at vi må gjere strammare prioriteringar, sidan vi har mindre å rutte med.

De har gått over til å dyrke store festivalar. Er det eit resultat av det vi ser no?

– Det er eg ikkje sikker på. Det at budsjettposten er mindre har nok hatt mest å seie, seier Eriksen.

Tore Eriksen

MINDRE PENGAR: Ein halv million mindre gjer at fylkeskommunen må prioritere, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK