Hopp til innhold

Knyter vennskapsband på tvers av kontinenta

KAUPANGER (NRK): 48 elleveåringar frå heile verda er i juli samla på leir på Kaupanger. To av dei som alt har funne tonen er Per frå Stavanger og Cach frå Mexico.

Per Tjelta Torshaug og Diego «Cach» Moreno Gomez

GODE VENER: Per Tjelta Torshaug og Diego «Cach» Moreno Gomez møtte kvarandre allereie på båtturen frå Bergen til Sogndal og har blitt gode vener i løpet av den første veka på CISV-leir.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Mor mi deltok på CISV-leir då ho var lita og oppmoda meg til å gjere det same. Så no er eg i Norge. Det er første gong eg er utanfor Amerika, så eg var litt nervøs i starten, fortel Diego «Cach» Moreno Gomez frå Mexico.

Elleveåringen har alt funne tonen med jamaldringen Per Tjelta Torshaug frå Stavanger. Dei møtte kvarandre allereie på båten frå Bergen til Sogndal.

– Det er veldig kjekt å få nye vener og møte nye folk. Det er særleg kjekt å tenkje på at dersom eg reiser til dømes på ferie til Amerika ein gong, så kjenner eg nokon der, fortel Per.

Lærer å vere meir opne

Cisv-leir

LEIK OG MORO: På leiren brukar dei leik for å bli kjende med kvarandre.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

I ein sirkel står leirdeltakarane samla. Song, latter og leik fyller lokalet. Store fargerike flagg dekorerer veggane. Saman med elleveåringane er det også leiarar. Desse har ansvar for programmet under den månadslange leiren.

«Bli-kjent-leikar» er kvardagskost på sommarleiren. Her er born og unge frå heile verda samla. Brasil, Canada, Costa Rica, Frankrike, Ungarn, India, Indonesia, Mexico, Portugal, Spania USA, Danmark, Italia og Norge er alle representert.

– Vi lærer om andre kulturar og det å vere litt meir opne. Om ein ser stort på det, så er vi jo alle ganske like, fortel Per.

Berre litt heimlengsel

Cisv-leir

FRÅ HEILE VERDA: Born og unge frå heile verda er i desse dagar samla på Kaupanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Oda Johnsen Longvanes er leirleiar og fortel at den internasjonale barneleiren rett og slett handlar om å få nye vener.

– Organisasjonen ønskjer å drive fredsutdanning. I starten handlar det mest om å ha leikar for å bli kjent og lære namn. Vidare utover i leiren har vi også aktivitetar som kan skape kunnskap kring spørsmål om konflikt og konfliktløysing, berekraftig utvikling, menneskerettar og mangfald, fortel Longvanes.

Å vere vekke ein heil månad frå familie som elleveåring er ikkje berre berre, men Longvanes trur det er verre for foreldra enn for borna.

– Borna har jo fullt program heile dagen, så det går veldig bra. Då er det litt verre med foreldra som sit heime, ler ho.

Borna startar tidleg om morgonen og har fullt program til seint på kvelden.

– Så sjølv om det er litt heimlengsel i starten, så gløymer dei det veldig fort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Helene Rogne, Per og Cach og Oda Longvanes

LÆRER KONFLIKTLØYSING: F.v.: Helene Rogne i staben, Per Tjelta Torshaug, Diego Moreno Gomez og leirleiar Oda Johnsen Longvanes.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Framleis born, men også modne

Grunnen til at det er elleveåringar som er plukka ut til å delta på sommarleir er at dei framleis er born, men modne nok til å forstå meir enn yngre born, forklarar Longvanes.

Det er mange ulike språk samla på ein plass. Sjølv om engelsk fort vert eit felles språk, har dei også andre måtar å kommunisere på.

– Vi prøver å ha ein del aktivitetar der ein ikkje treng å bruke verbalt språk, men heller kroppsspråk. Andre leikar er heilt tause. Men i løpet av tida på leiren vert borna flinkare i engelsk, seier Longvanes.

CISV- leir
Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK