NRK Meny

Knutholmen fekk gjev pris

Knutholmen i Kalvåg er kåra til det mest opplevings- og aktivitetsrike hotellet blant historiske hotell i Europa. Prisen vart delt ut av hotellnettverket Historic Hotels of Europe. Mellom 500 konkurrentar har ti overnattings- og spisestadar fått utmerkingar i forskjellige kategoriar. Utmerkinga er gjort på bakgrunn av gjestene sine meiningar om stadar dei har vitja, basert på fleire kriterium. Knutholmen er det einaste norske hotellet som har nådd opp på lista.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast