Hopp til innhold

Knutepunktfestivalane må kutte

Hovudutvalet for kultur har svinga sparekniven over både Norsk Countrytreff og Førdefestivalen.

Countryfestivalen på Breim 2013

MÅ KUTTE: Norsk countrytreff på Breim og Førdefestivalen må kutte, medan teaterinstitusjonane blir skjerma føreslår hovudutvalet for kultur.

Foto: Runar Sandnes

– Eg håpar dei fordelar på kutta. Det er klart det kan bli beintøft dersom Førdefestivalen må ta heile det kuttet som er føreslått, seier Hilde Bjørkum, direktør for Førdefestivalen.

Hovudutvalet for kultur vel å skjerme teaterinstitusjonane for kutt. Men Førdefestivalen og Norsk Countrytreff må bu seg på å hente fram sparekniven når fylkeskommunen må kutte 230 millionar dei neste åra. Dette til trass for at dei er festivalar staten ønskjer å satse på.

Vil svekke omdømet til festivalen

– Førdefestivalen er ein knutepunktfestival og den einaste kunstinstitusjonen som har eit internasjonalt gjennomslag. Ringverknadane vil vere store og eit dårleg signal for oss internasjonalt og nasjonalt med den «standingen» vi har viss vi blir skorne ned på, seier Bjørkum.

Først kan festivalane måtte kutte med til saman 200 000 kroner i 2016, og deretter med til saman ein million kroner frå 2017 dersom innstillinga blir vedteken. Norsk Countrytreff har i dag eit budsjett på 2 922 000 kroner. Førdefestivalen har eit budsjett 10 909 000 kroner.

Og kutta blir meir enn dobla dersom staten også trekkjer si støtte.

Ettersom dei er knutepunktfestivalar, tar staten mesteparten av rekninga, så lenge fylkeskommunane og kommunane står for 40 prosent av inntektene til festivalane. Stoppar den lokale støtta, ryk også dei statlege pengane.

Trur framtida blir utfordrande

Eva Hage Solstad, dagleg leder i Norsk Countrytreff trur det blir vanskeleg.

– Det blir veldig utfordrande for oss. I 2016 vil ein kanskje kunne halde oppe same aktivitet som i dag. Men etter det blir det veldig utfordrande. Det er eit spørsmål kor lenge statusen som knutepunktfestival kan haldast oppe med nedskjeringa, seier Solstad.

Hilde Bjørkum i Førdefestivalen meiner fylkestinget bør skjerme kutt for alle kulturinstitusjonar som får slik statleg støtte. For fylkeskommunen vil uansett komme til tape pengar på å kutte dei.

Håpar på politikarane

– Politikarane har ein sjanse til å gjere som dei gjorde i Nordland, der dei skjerma slike festivalar for dei visste at å kutte slike festivalar gjer situasjonen verre.

Dei taper pengar?

– Dei taper meir pengar enn dei kuttar, så det er i grunn å skyte seg sjølv i foten, seier Bjørkum.

Hovudutvalet for kultur har lagt opp ein plan om å kutte til saman åtte og ein halv millionar kroner. Det betyr at mange institusjonar, som musea, biblioteka og festivalane må spare. Teateret vart prioritert fordi det er så få av dei, seier Nils Gjerland, leiar i utvalet.

– Vi har berre eitt teater og dersom det må stenge dørene er det eit heilt område som forsvinn. Det er trass alt fleire flotte festivalar, så vi har tenkt slik. Vi har også berre ein opera og når vi har mindre pengar så har vi valt ein slik profil, seier Gjerland.

Håpar på politikarane

Hovudutvalet for kultur skulle eigentleg spare 17 millionar kroner, men valde å gjere mindre kutt for å framleis ha eit godt kulturtilbod i Sogn og Fjordane. Gjerland forstår at festivalane synest det er urettferdig, men kutta kunne blitt mykje større.

– Eg er overtydd over at Hilde Bjørkum med sin kompetanse kan lage ein flott festival med eit litt mindre budsjett. Med dei forslaga som hovudutvalet har lagt fram så meiner eg at vi varetar mangfaldet i kulturen, seier Gjerland.

No er det opp til Fylkestinget å ta ei avgjerd. Hilde Bjørkum meiner dei framleis har tid til å snu.

– Det viktigast er å tore å halde nokre faner høgt, og seie at den vesle prosenten som går til kultur må ein våge å halde på, for å ikkje knekke heile tilbodet, seier Bjørkum.