Hopp til innhold

Knut vart overraska av eit nyttårslam

Den svarte sauen i fjøsen i Feios gjekk inn i det nye året med ein einvegsbillett til slakteriet. Det var før den stod for den største overraskinga i fjøsen på lenge.

Sauelamming i januar

BERGA LIVET VED Å GJE NYTT LIV: Planen var å sende søya til slakt. Det sette ho sjølv ein stoppar for.

Foto: Vigdis Sætre

Det er ein blid bonde som fortel om den heller spesielle inngangen på 2016 i sauefjøsen i Sogn.

– Då eg kom i fjøsen andre januar dreiv sauen og lamma, så det vart visst eit nyttårslam, flirer bonde Knut Sætre.

For det er heller sjeldan at det kjem lam til verda så tidleg på vinteren. Dei aller fleste lam kjem til verda i mars-april, og mange er framleis sjarmerande utstø på beina når dei blir sleppte ut på vårgrøne bøar.

Trudde først søya var sjuk

Men i Feios var ei av søyene tidleg ute. Sætre seier han ante lite om det som var i emning, og heller hadde planlagt å sende ho til slakting.

– Då vi dreiv med paring i midten av november viste det seg at det var ei eg ikkje fekk para. Den ville ikkje by seg fram, og var eigentleg sett på lista for å gå til slakt i april, fortel 51-åringen.

Hausten gjekk sin gang, og første del av vinteren likeeins. Så kom starten på det nye året, og Sætre fekk ei skikkeleg overrasking ved fjøsstellet.

– Eg såg først at den ikkje ville kome å ete, og tenkte at den måtte vere sjuk. Då eg prøvde jage litt på ho såg eg at fødselen var i gang.

«Familien sorte får»

Sonen Kristian, som skal ta over garden, vart henta inn for å vere jordfar.

– Eg tenkte han måtte få ta imot det første lammet for året, humrar faren.

Søya var førstegongsfødande, og lammet var stort og fint, fortel Sætre.

– Alt gjekk kjempebra. Sidan søya var svart, så vart det «familien sorte får», ler han.

– Det blir eit kjendislam

I ettertid har han byrja å nøste opp i opphavet til nykomlingen.

– Ho hadde gått på heimebeite, og der var det ein vêr også. Så den har nok lurt seg til, fortel han.

Etter snart 30 år som bonde har han aldri tidlegare fått lam så tidleg. No får den svarte dotten mykje merksemd i fjøsen.

– Det blir eit veldig bortskjemt lam. Det er mange ungar som vil sjå på det, og vi også, og vi vil kose mykje med det, smiler han.

Det vesle søyelammet har førebels ikkje fått namn.

– Eg lyt prøve døype det til noko, no blir det jo eit kjendislam, så folk må berre kome med forslag, flirer han.

Les eit knippe andre dyrehistorier: