Hopp til innhold

Knut miste sonen: – Å snakke om sjølvmord kan redde liv

Fleirtalet av dei som tek sjølvmord søkjer ikkje helsehjelp for å snakke om problema sine. Mange snakkar heller ikkje med andre om sjølvmordstankane sine. Det gjorde heller ikkje sonen til Knut Røneid.

Knut Røneid

MISTE SONEN: Knut Røneid har skrive bok om det som skjedde då sonen hans tok sjølvmord for snart fire år sidan.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For snart fire år sidan tok sonen hans sjølvmord etter at han miste førarkortet på grunn av hasjrøyking. Sonen tok dette svært hardt, fortel den tidlegare politimannen. Men at han ville ta livet sitt var det ingen teikn til.

– Vi hadde mange og gode samtalar heilt fram til siste kvelden før det skjedde, men han lurte oss trill rundt, seier Røneid.

– Brå omveltingar i unge sine kvardagar kan få store konsekvensar. Omveltingar som at ein til dømes mister kjærasten, jobben eller lappen er faresignal vi må vere merksame på. Det kan innimellom stå fram som bagatellar for oss med litt meir livserfaring, men for ein ung person er dette svært djuptgripande hendingar, seier Røneid.

Det beste rådet

Kvart år tek rundt 600 personar sitt eige liv. Det er fem gonger fleire enn det som døyr i trafikken. No skal talet ned. Eit av verktøya er ein ny opplysningskampanje som Helse Vest har starta.

Torill Taklo

PSYKOLOGSPESIALIST: Toril Taklo fortel at dei som går med sjølvmordstankar er lite flinke til å søkje helsehjelp.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Å snakke om sjølvmord kan redde liv, er den klare bodskapen frå psykologspesialist Toril Taklo i Helse Førde.

Sjølv om Knut Røneid og familien snakka mykje med sonen kom aldri sjølvmordstankane fram, men han er likevel tydeleg på at dette også er hans beste råd:

– Det handlar om å bry seg. Vise at du er der heile tida. Rett og slett å ta vare på folka dine.

Tek ikkje kontakt med helsevesenet

– Vi ønskjer å få ned talet på sjølvmord. Eitt sjølvmord, er eitt for mykje. Mange av dei som døyr i sjølvmord har ikkje vore i kontakt med psykisk helsevern for å snakke om problema sine. Ei stor gruppe har heller ikkje snakka med andre om dei tankane dei har, fortel Taklo.

Ho vedgår at det ofte kan vere vanskeleg for både familie, vener og fagfolk å ta opp temaet om ein mistenkjer at einkvan går rundt med sjølvmordstankar.

Taklo fortel at fagfolk ikkje er i tvil om at vi kan bidra til å hindre sjølvmord berre ved å stille spørsmålet om ein slit med sjølvmordstankar.

– Då trur vi at vi kan klare å finne vegar med å hjelpe folk tilbake i livet og finne eit håp og meir meining.

– Gå varsamt fram

Ho rår folk til ei forsiktig tilnærming. Bygg gjerne kontakten og spørsmåla på dine eigne observasjonar, rår ho til.

– Kanskje kan du seie at eg får inntrykk av at du er mykje åleine og kanskje ikkje er så fornøgd med livet som du skulle ha vore. Er det slik? Er det noko eg kan gjere for at du skal ha det betre? Kan eg vere med deg og snakke med nokon om det?

Lenkje til kampanjevideo: Viktig å leve