Hopp til innhold

Knuste serieleiaren på heimebane

Florø knuste seriefavoritt Vard Haugesund i 2. divisjon 4–2 på heimebane.

Florø Fotball

SLO SERIELEIAREN: Florø Fotball vann 4–2 på heimebane.

Foto: TRULS KLEIVEN

– Eg er kjempefornøgd. Vi har lagt bak oss eit tøff veke med mange kampar, og då kome ut med siger som vi gjer i dag, det kjennest godt.

Florø Fotball er nyopprykka i 2. divisjon, men har allereie markert seg sterkt. Tidlegare denne veka sende dei erkerivalen Førde hovudstups ut av cupen. I dag runda dei av veka med sende serieleiar Vard Haugesund heim med eit forsmedeleg 4–2 i tap bagen.

– Vi gjennomførte ein god kamp i dag, sjølv om eg gjerne skulle vore forutan dei to baklengsmåla.

(SAKA HELD FRAM UNDER VIDEOEN)

Created by InfoDispatcher

Runar Hove (2) og Christer Husa gav heimelaget 3–0 til pause. Halvor Solheim Olsen scora for Florø etter pause.

– Det er tidleg i sesongen, men med slike resultat er de gode nok til å t steget opp i 1. divisjon?

Nja, eg har heile tida vore nøktern på at vi har eit bra toppnivå. Får vi det fram mange gonger så kan det vere, men realistisk så vil nok det variere. Eg håpar sjølvsagt at det ikkje gjer det, men realistisk sett vil prestasjonane variere med eit så ungt lag.