NRK Meny
Normal

Knuste ruter og oppskorne dekk i Florø

På den vidaregåande skulen i Florø har nokon gått rundt og skore opp dekk på parkerte bilar. Dei har også knust ruter på fleire bilar, og ei gravemaskin.

Knust rute i Florø

HÆRVERK: Ved Flora vidaregåande skule er det gjort fleire tilfelle av hærverk i natt.

Foto: Truls Kleiven

– Vi har fått inn to uavhengige meldingar av folk som har sett at det var gjort hærverk i området rundt skulen, seier Stein Rune Halleraker ved politiet sin operasjonssentral.

Politiet er no på staden for å prate med vitne, og for å få kontakt med dei som eig bilane. Det vil bli oppretta sak, fortel operasjonsleiaren.

Den siste tida har det vore fleire meldingar om hærverk i Florø. mellom anna vart fleire ruter på Storevatn barnehage knuste førre helg. Det enda med at barnehagen måtte stenge ein periode.

Politiet gjer undersøkingar i Florø

OPPRETTAR SAK: Politiet fortel at dei opprettar ei sak etter hærverket i Florø.

Foto: Truls Kleiven

Kan ikkje seie om at det er samanheng mellom hærverka

Meldingane i dag er mellom anna at ein bil har fått knust fire ruter, medan ein annan har fått knust ei rute. Begge bilane skal ha fått skorne opp dekka med kniv. Også ein gravemaskin har fått knust ruta, og ei glasrute på skulebygningen skal også vere knust.

Oppskore dekk

HAR BRUKT KNIV: Dei som har skore opp dekka skal ha brukt kniv.

Foto: Truls Kleiven

Bilane det gjeld har stått parkert i området rund Flora vidaregåande skule, og ugjerninga skal ha skjedd i løpet av natta.

– Vi kan ikkje seie endå om det er samanheng mellom dei ulike hærverka, men vi vil uansett melde desse forholda, fortel Halleraker.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.