Hopp til innhold

Knuste rekorden med 4 og 5 minutt

Med vêrgudane på arrangøren si side var det duka for ny rekord i motbakkeløpet Molden Opp. Dei gamle rekordane blei knust med ikkje mindre enn fire og nesten fem minutt.

Heidi Weng med ny rekord Molden Opp

NY REKORD: Det var ikkje mange sekundane om å gjere at Heidi Weng slo den gamle rekorden Molden Opp med fem minutt.

Foto: Thea Øvregard Røhme

– Dette er berre kjempekjekt, veldig imponerande, seier løpsleiar John Ingvar Bukve til NRK.no.

Han hadde slett ikkje forventa å sjå dei tidene som vinnarane i både dame og herreklassen kom i mål med laurdag ettermiddag.

Dei gamle rekordane kan ein no berre gløyme, for dei nye er langt betre. I herreklassen er det nye rekorden fire minutt raskare, og i dameklassen nesten fem.

– Heilt fantastisk, seier Bukve.

Til topps på 46 minutt

Molden Opp er eit av mange motbakkeløp i Norge. Det vart for første gong arrangert i forfjor og ser no ut til å bli eit årleg arrangement i Luster.

Løpet går frå Tørvis Hotell i Marifjøra ved Lustrafjorden og like opp til Molden som ligg heile 1116 meter over havet. Løypa er på om lag 7 kilometer og er ifølgje arrangøren svært variert. Både med omsyn til underlag og stigningsprosent.

I år er Molden Opp eit av sju løp i den offisielle Norgescupen i motbakkeløp. Det betyr mange store namn på startlista, men sjølv med store namn hadde ikkje Bukve forventa slike resultat.

I herreklassen var det Tomas Bereket frå Larvik Turn som sprang til topps med tida 46:07. Det er over fire minutt raskare enn rekorden frå i fjor på 50:09. Øyvind Sundby som hadde den førre løyperekorden kom på 5. plass med tida 50:24.

Også i dameklassen vart det sett ny løyperekord. Her var det Heidi Weng frå BUL som vann med tida 54:22. Også det er ei sterk forbetring av den tidlegare løyperekorden som var på 59:05. Alts nesten fem minutt.

– Blir lenge til vi ser slike tider

Å ta seg opp løypa på knappe 46 minutt imponerer løpsleiaren.

– Bereket er ein løpar som nett no er den mest suverene i motbakkeløp i Norge. Han har imponert også i to av dei tidlegare løpa i cupen og er favoritt til å vinne den, seier Bukve.

Han trur det kan bli lenge til ein ser liknande tider på resultatlista igjen.

Resultatliste Molden Opp

800 mosjonistar

Bukve seier dei har vore svært heldige med arrangementet og viser til at dei slapp unna regnet og til gjengjeld har fått både løyperekordar og deltakarrekord.

– Eg har ikkje det endelege talet enno, men det ser ut til at rundt 800 som deltok i trimklassa, seier Bukve.

I fjor var det vel 550 som stilte i trimklassa, medan det første året var 750 mosjonistar som stilte til start.

Molden Opp 2012

800: Rundt 800 personar tok seg Molden Opp i trimklassa.

Foto: Thea Øvregard Røhme