Hopp til innhold

Sjå Udjus forklare kvifor han knuste fjernkontrollen til Halvorsen

Start vann 3-1 over Brann og tok med det innpå Sogndal i botnstriden. Det var vanskeleg å svelgje for sogndalskeeper Kenneth Udjus.

Video Brannfrustrasjon i Sogndal

Brannfrustrasjon i Sogndal

Med full poengfangst over bergensarar på medaljejakt, er sørlendingane no fem poeng bak Sogndal på tabellen.

Med fire kampar att hardnar kampen til om å overleve.

– Det byrja med kraftig jubel i stova, men så vart det heller dårleg stemning. Kvelden vart ikkje den oppturen den skulle vere, fortel sogndalspelar Ole Jørgen Halvorsen som såg kampen saman med sisteskansen på laget.

Kenneth Udjus

GODE KOMPISAR: Trass i ein øydelagt fjernkontroll, forsikrar Ole Jørgen Halvorsen at han og Kenneth Udjus framleis er gode vener.

Foto: Steinar Lote / NRK

Viktig kamp i botnstriden

TV-kampen vart på langt nær den høydaren dei hadde håpa på. Med siger til Brann ville Start langt på veg vere hekta av i kampen for å stå i divisjonen, samstundes som Sogndal ville vere eitt steg nærare fornya eliteseriekontrakt. Avstanden mellom dei to klubbane ville med brannsiger vere åtte poeng.

Oppgjeret på Sør Arena starta bra for Sogndal sin del då Kim Ojo sende bergensarane i føringa etter 19 sekund. Deretter endra kampen heilt karakter.

– Start vart frykteleg gode etter kvart. Eg hadde håpa på litt meir hjelp frå Brann i dag, seier Kenneth Udjus, den tidlegare Brann-keeperen.

Knuste fjernkontroll

Espen Hoff, Ole Martin Årst og Espen Børufsen sytte for siger for at sørlendingane framleis har tru på å overleve. Då sistnemnde fastsette sluttresultatet like etter pause, deisa Udjus like godt fjernkontrollen i bakken så den vart øydelagd.

– Han vart litt forbanna på gamle lagkameratar, ler Halvorsen.

– Det var ein «litt» spontan reaksjon får ein seie, humrar Udjus.

For keeperen, som er Start-patriot , vart det difor ein kveld med litt vekslande kjensler.

– Det er viktigare for meg kvar eg spelar til neste år. Eg satsar sjølvsagt på at både vi og Start held oss i divisjonen, og at Fredrikstad rykkjer ned, seier Udjus.

Sogndal - Strømsgodset

HAR TRUA: Ole Jørgen Halvorsen trur ikkje at Sogndal rotar vekk eliteserieplassen på tampen av sesongen.

Foto: Oddleif Løset/NRK

Tettare enn håpa på

Mellom Sogndal og Start ligg Fredrikstad med 28 poeng. Med sine 29 poeng har Sogndal også ein langt betre målskilnad enn Start. Mykje takka vere keeperspelet til Kenneth Udjus.

Søndag var han også sterkt delaktig då Sogndal tok poeng mot Strømsgodset på ein heller dårleg dag .

– Det blir tettare enn eg hadde håpa på. Både vi og Start har heilt klart tøffe kampar att, men vi skal slappe av og spele fotball, seier han.

Skal ta poeng

Halvorsen kjenner også pusten til sørlendingane i nakken, men kjenner seg trygg på at Sogndal spelar i eliteserien også neste år.

– Eg trur vi har bra sjanse til å halde plassen. Skal Start ta oss att, må dei halde fram med å vinne medan vi ikkje tek fleire poeng. Men vi seier oss ikkje nøgde med 29 poeng. Vi skal ha fleire, seier han.