- Det er fleire alvorlege systemsvikt i denne saka, skriv Fylkeslegen i sin rapport.
Det er vurderingssvikt i alle ledd. Frå ambulansetenesta, via legevakta, innleggelsen i akuttmottaket og opphaldet der, og fram til 21-åringen kom til overvakingsposten og seinare døydde.
Feil diagnose
Legane stilte feil diagnose, noko som førte til forseinka CT-undersøkjing av hjernen.
- Den unge marinesoldaten skulle vore teken hand om av lege med ein gong, slår rapporten fast.
I staden blei han lagt i ventekø på legevakta og seinare akuttmottaket. Dårlig bemanning og ei travel natt fritar ikkje sjukehuset for ansvar, og fylkeslegen krev tilbakemelding frå sjukehuset innan 9. desember.
Legg seg flate
Universitetssjukehuset i Stavanger legg seg heilt flate for kritikken frå Helsetilsynet i Rogaland. Sjukehuset beklagar sterkt det som har skjedd, seier fagsjef Stein Tore Nilsen. Det er fleire som har gjort feilvurderingar, og dette er ein sak vi må følgje opp, seier han.
Verken fylkeslegen eller dei pårørande vil førebels kommentere rapporten.