Hopp til innhold

Knuffing og støy - slik var natta for politiet

Urinering på offentleg stad, støy og småknuffing var noko av det politiet måtte ta seg av i natt.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien / SCANPIX

Første melding til politiet kom like over midnatt denne augustnatta og var frå Balestrand om ein overstadig rusa mann. Han vart teken hand om av nokon som kjende han.

Klokka 01.07 var det knuffing mellom to menn i 20- 30 årsalderen utanfor ein serveringsstad i Sogndal. Politiet kom rast til staden og knuffinga roa seg ned. Dei to mennene gjekk kvar til sitt og ingen vart skada. Politiet reknar forholdet som oppgjort på staden.

Seinare kom det melding om meir knuffing i Sogndal, også det like ved ein utestad i sentrum. Partane vart skilt, og den eine av dei vart køyrt heim. Ingen vart skada.

Like før klokka halv tre i natt kom det melding om at nokon spelte for høg musikk på Kvåle i Sogndal. Dei festande fekk beskjed om å skru ned musikken då politiet kom på døra.

Klokka 03.00 vart ein mann i 20-åra meldt for urinering på offentleg stad i Florø sentrum.

Natteroa vart forstyrra og nokon klage på høg musikk på Ulltang i Førde like etter klokka 03. Politiet reiste til staden og påla dei som var årsak til bråket om å dempe musikken.