Lensmann i Gaular, Erik Folland seier at knivstikkinga skjedde i samband med ein krangel.
Det var natt til søndag at kvinna brukte kniv i leilegheita til paret. Ifølgje Firda skal paret i lengre tid hatt eit turbulent forhold.
Mannen skriven ut att
Politiet er i dag sparsame med å seie noko om kva som utløyste krangelen som førde til at kvinna stakk sambuaren. Mannen måtte til sjukehus for å blitt sydd, men vart raskt skriven ut at.
No i dag blir kvinna altså framstilt for varetektsfengsling i fire veker. Det er faren for gjentaking som gjer at politiet ber om at kvinna blir varetektsfengsla.