Hopp til innhold

Kniven på strupen for Sogndal

SOGNDAL (NRK): På søndag kan sikker plass i eliteserien i praksis ryka for Sogndal.

Sogndal trenar

SKJEBNEKAMP: Markus Brændsrød fekk seg ein trykk på trening fredag, før skjebnekampen mot Tromsø søndag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal ligg før den tredje siste runden på kvalikplass med 28 poeng. Søndagens motstandar på Fosshaugane Campus, Tromsø, er på plassen over – trygg plass – med 31 poeng. Dersom Tromsø vinn, må Sogndal vinna sine to siste og Tromsø tapa sine to siste, om Sogndal skal ta att nordlendingane.

Kristiansund på plassen over Tromsø har også 31 poeng. Dersom dei vinn nabooppgjeret mot Molde, er også dei veldig langt på veg mot spel i neste års toppdivisjon. To poeng bak Sogndal – på nedrykksplass – lurer Aalesund med 26 poeng.

SJÅ INTERVJU MED BAKKE: Eirik Bakke før kampen mot Tromsø.

– Alle ser vel korleis tabellen ser ut, det blir ein sekspoengskamp. Det blir nok mange som bit negler på tribunen på søndag, seier sogndaltrenar Eirik Bakke.

– Me har alt i våre eigne hender. Eg trur me har litt godt av å kjenna på at me gjer oss fortent til å spela med dei store eit år til. Det kriblar kanskje litt meir i magen enn det pleier å gjera, seier Bakke.

Tippar Sogndal på kvalikplassen

NRK sin fotballekspert Karl-Petter Løken tippa Sogndal på kvalikplassen før årets sesong. Tre rundar før slutt kan det sjå ut til at han trefte bra.

Karl-Petter Løken

TIPPAR KVALIK: Fotballekspert Karl-Petter Løken.

Foto: Privat

– Tromsø er i bra form. Skal Sogndal unngå kvalik, så er dei heilt avhengige av å vinna mot Tromsø, seier Løken.

Førre runde rauk sogningane på ein skikkeleg smell i Drammen, då dei vart knust 4–1 av Strømsgodset. Løken trur Sogndal får det tøft mot eit Tromsø i medvind, og at dødballane fort kan bli avgjerande.

– Det er først og fremst venstrefoten til Morten Gamst Pedersen som er avgjerande for dødballane til Tromsø. Dei er tunge i feltet når dei dødballane blir presist slått. Sogndal må unngå mange dødballar imot i farleg område, det blir viktig for dei, seier fotballeksperten.

Sogndal fotball

SISTE DRILL: Sogndal på trening før kampen mot Tromsø.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Billige billettar i håp om full stadion

På trening fredag vart det Mathias Dyngeland, Even Hovland, Reiss Greenidge, Kjetil Wæhler, Taijo Teniste, Ole Martin Rindarøy, Gilbert Koomson, Eirik Birkelund, Bendik Bye og Chidiebere Nwakali som vart drilla i det som truleg blir startoppstillinga på søndag.

– Eirik Schulze kjenner på noko lite i lysken, men eg håpar han også blir klar. Så troppen ser bra ut, seier Bakke.

Før kampen har Sogndal senka billettprisen til 100 kroner, i håp om at flest mogleg støttar laget frå tribunen.

– Det er utruleg viktig å ha støtta bak oss, og at folk stiller opp. At dei som ikkje er på kamp så ofte tek turen, i staden for å sjå kampen frå godstolen heime, avsluttar Bakke.

Sogndal sin trenarstab

TRENARANE: Frå venstre: Terje Skjeldestad, Marius Bøe, Eirik Bakke og Rune Bolseth.

Foto: Sondre Dalaker / NRK
Laster innhold, vennligst vent..