Hopp til innhold

Kneopererte Ove fekk beskjed om at han ikkje lenger kunne trene – då sette han seg eit mål

HAFSLO/MOLDEN (NRK): Operasjonen i kneet skulle vere rein rutine, men for Ove Hauge gjekk det frykteleg gale.

Ove Hauge

I MOTBAKKE: Det siste året har utfordra både Ove Hauge både fysisk og mentalt. Men i motbakkane har han også funne ny styrke.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Den kjølige lufta varslar om eit nærliggande snøfall på dei 1116 metrane over havet. Molden er ein ynda destinasjon for turfolk både med og utan plankar under beina

For treningsentusiastar som Ove Hauge (44) er turar som dette som rein plankekøyring å rekne. For eit drygt år sidan var han likevel spådd å ha klatra si siste fjellside.

Ei ny vending

Etter lang tid med smerter i kneet bur Hauge seg våren 2018 på ein meniskoperasjon. Han kjenner at påføljande seks veker med restitusjon og opptrening vil tære på tolmodet, men rustar kropp og sinn. Så kjem beskjeden som endrar alt.

– Beskjeden var at eg ikkje lenger kan drive med fysisk aktivitet som eg hadde gjort. I beste fall kunne eg gå turar i flatt terreng, men på sikt ville det truleg bli naudsynt å setje inn eit kunstig ledd. Det var ein grufull beskjed å få, minnest Ove Hauge, som på dette tidspunktet var i ferd med å etablere seg som personleg trenar i Sogn.

Han blir utskriven same dag, og byrjar gradvis å forsone seg med utsiktene han har fått førespegla. Vel heime merkar Hauge raskt at ting ikkje er som dei skal. Smertene eskalerer og etter ein konsultasjon i Lærdal neste dag, føljer ei rekke hasteoperasjonar på Haukeland.

– Eg var mykje inn og ut av narkose desse dagane. Legane trudde det var komplikasjonar etter operasjonen, men etter tallause prøvar sto dei framleis utan svar. Kroppen min responderte ikkje som den skulle på verken behandlinga eller smertelindring.

Ove Hauge operasjon

STØRRE INNGREP: Dagane på Haukeland var prega av sterke smerter. Slik såg låret til Ove Hauge ut ei veke etter operasjonane.

Foto: PRIVAT

Frykta amputasjon

Hauge mistar mykje blod, og legane fryktar det er snakk om ein større infeksjon.

– Eg blei fortalt at det kunne bli naudsynt å amputere. Då eg vakna opp frå den siste operasjonen visste eg ikkje om det var med eller utan beinet mitt.

I sjukehussenga på Haukeland tikkar ei tekstmelding med orda «no må du vere sterk» inn på telefonen til Hauge. Oppmodinga kjem frå bror hans, Pål, og vekker for alvor kamplysta.

– Det gjekk enda klarare opp for meg kor avgjerande det var at eg sjølv tok ansvar for situasjonen. Det var ingen andre som kunne gjere denne jobben for meg.

Den metalliske lufta av sjukehuskorridorar sit framleis friskt i minnet. Etter ei veke på Haukeland ventar fem nye veker ved Førde sentralsjukehus.

Overlegen her kvalifiserer, ifølgje Hauge, alvorsgrada av skaden som ei krigsskade. Foten hans har etter gjentekne inngrep blitt opna frå kneet til hofta. Lymfesystemet er skada og større mengder muskel- og nervevev er fjerna. Dei dystre utsiktene etter kneoperasjonen er ytterlegare forsterka.

– Eg klarte likevel ikkje roe meg med beskjeden om å halde senga. Det samsvara ikkje med kva eg følte meg kapabel til. Eg skjøna at såret trengde ro til å gro, samstundes visste eg at dersom eg ikkje bevega muskulaturen så ville den døy.

Ove Hauge

PÅ BEINA ATT: Ove Hauge under sitt første forsøk på å gå etter fleire operasjonar i foten.

Foto: Privat

I sjukehuskorridorane byrjar Hauge å gå jamlege intervall i trappene. Han tek trappa opp og heisen ned, titals gonger dagleg. Hafslobygdingen går grundig til verks og lagar seg eit prosjekt for den komande tida.

Tek saka i eigne hender

I bagasjen har Hauge ein master i idrettspsykologi, samt topptrenarutdanning og ei rekke sertifiseringar frå Norges idrettshøgskole. Denne kunnskapen blir raskt hans viktigaste verktøy.

– Eg hadde litt oppfølging med fysioterapeut, men det gjekk tidleg opp for meg at dette var ein kamp ein sjølv måtte legge løpet for.

For han har Idrettsenteret i Sogndal, samt motbakkane i nærmiljøet, vore viktige når han skal bygge seg opp igjen.

Ove Hauge molden

I LOKALT TERRENG: Fjellturar i nærområdet har vore eit viktig supplement til den anna rehabiliteringa av foten.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

– I ryggsekken pakka eg vekter, vekselvis 10, 20 eller 30 kg, men sa det aldri til dei eg gjekk med. Eg ville ikkje at dei skulle oppleve meg som ekstrem.

Ifølgje Hauge sjølv har han alltid har vore typen som tøyer strikken litt ekstra. Kanskje er det nettopp dette ekstra giret som no blir redninga.

– Det er ikkje berre enkelt å forsone seg med at dette skulle skje nettopp meg. Det har kosta både fysisk og mentalt, men eg er ikkje bitter. Det har tvert imot gitt meg ei ekstrem drivkraft å skulle motbevise prognosane eg fekk, forklarer Hauge og legg til:

– Det blir feil å seie at eg ikkje ville vore forutan denne opplevinga, men den har gitt meg eit nytt perspektiv på livet. No skal det verkeleg tøffe utfordringar til for å knekke meg.

Beundring frå sidelinja

Ei av dei som har fått kjenne den tøffe kampen på nært hald er søstera Bente. Frå å vake over han ved sjukehussenga, har ho det siste året fulgt broren sin viljestyrke nå nye høgder.

– Ove har drive med idrett sidan han var barn og sidan valgt ei karriere basert på fysisk aktivitet. I starten var me redde for at den dystre dommen frå legane ville senda han rett i kjellaren, men så gjekk det motsatt veg. Han har trassa ekstreme smerter og lagt ned ein innsats med knapt trudde var mogleg.

Svært sjeldne komplikasjonar

Helse Førde kan ikkje uttale seg spesifikt om saka til Hauge, men sjefsoverlege i Lærdal, Truls Jellestad, seier dei sjeldan opplever komplikasjonar knytt til meniskoperasjonar. Dei siste 30 åra har han sjølv utført 4000 kikkhullsoperasjonar på kne.

– Normalt tek operasjonen 20 minuttar å utføre og pasienten blir utskriven same dag.

I 2018 blei det utført 300 kikkhulsoperasjonar ved Lærdal sjukehus, der 107 av desse omfatta menisk.

Vil hjelpe andre ut av smerter

Når ein i dag treff Hauge i sitt rette element, i godt driv oppover fjellsida mot Molden, er det frå utsida lite som vitnar om kampen han det siste året har kjempa. Han legg likevel ikkje skjul på at smerter framleis er ein del av kvardagen.

– Eg er ikkje i mål, men ser lyst på det å kome attende i ein normal kvardag. Å ta opp att satsinga med personleg trening gjennom firmaet mitt, Sogn Aktiv, er noko eg brenn for. Forhåpentlegvis kan eg bidra til at også andre får velfungerande kvardagar, der ein med ein funksjonell kropp kan bevege seg smertefritt, forklarar Hauge.

Ove Hauge

OPTIMIST: Ove Hauge fortel at han i dag set meir pris på ein kropp i balanse.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Han håpar historia hans kan vere til inspirasjon for andre som opplever å få oddsa mot seg.

– Ein veit aldri kva livet bringar, men dei fleste kan takle meir enn dei trur. Med ei positiv tilnærming og dei rette folka rundt ein, kan ein gjere endringar ein sjølv ikkje trudde var mogleg.