Hopp til innhold

Knausgård skjønte ikkje oppstyret

Norges mest ettertrakta forfattar for tida, Karl Ove Knausgård, skjønte ikkje alt oppstyret kring bokbadet på Eikaasgalleriet.

Mannen bak bokserien «Min Kamp» kom i 18-tida til Ålhsu i Jølster, ei bygd der han har brukt mykje tid opp gjennom livet. På Eikaasgalleriet venta fleire hundre tilreisande frå fjern og nær - og eit stort presseoppbod.

- Det er veldig merkeleg. Eg har kome hit heile livet, men når eg går over vegen og skal lese bøker er det mykje folk, kamera og signeringar. Det er veldig merkeleg, seier han til NRK.

- Jølster betyr mykje

Knausgård bur no i svenske Malmø, men har mor som bur på Jølster. Noko som forklarar mange sommar- og julebesøk i Astrupbygda.

- Jølster betyr veldig mykje for meg. Familien er herfrå og mor bur her. Dessutan er det veldig vakkert, seier han medan han signerer bøker.

Bokbadet fekk ein brå start med tordenskral, store vassmengder frå oven og straumbrot i Eikaasgalleriet. Då straumen var på plass att fekk dei mange frammøtte oppleve det dei kom for å sjå.

Video SIGNERING-150710-DR2100MPEG-4_SF.mp4

Knausgård signerte gladeleg bøker og svara på spørsmål frå fansen under bokbadet.

- Eit kupp

Forfattaren las utdrag frå litteraturen sin og svara velvillig på spørsmål.

Knausgård, som har vunne litteraturprisar for bøkene sine, har i år berre tre opptreden. I tillegg til Jølster, skal han også vere i New York og på Kapittelfestivalen i Stavanger.

- Eg tykkjer vi har gjort eit kjempekupp. Vi er særs heldige som har fått Knausgård hit, sa leiar i Jølster Mållag, Hilde Yndestad Halland, då det vart kjent at Knausgård skulle kome til Jølster.