Hopp til innhold

Sa nei til utbyggjingsplanar

Eit knapt fleirtal i Luster kommunestyre gjekk i kveld imot planane om kraftutbyggjing i Jostedalen.

Vigdøla

VIL HA UTBYGGJING: Statkraft ønskjer å byggje ut fleire av sideelvane i Jostedalen i Luster.

Foto: Statkraft

I følgje Sogn Avis sa dei folkevalde i Luster nei til Statkraft sine planar, med 16 mot 13 røyster.

Mindretalet i kommunestyret gjekk inn for å seie ja til utbyggjing, men kom med klare krav til NVE om kva vilkår som må liggja i botnen for ein konsesjon.

Fleirtalet derimot, meiner at Statkraft no må koma til forhandlingar, før ein eventuelt på eit seinare tidspunkt kan seie ja til utbyggjing av mellom anna Vigdøla i Jostedalen.