NRK Meny
Normal

Knapt Domstein-resultat

Domstein-konsernet hadde eit resultat etter skatt på 0,7 millionar kroner i første kvartal i år. Det er dårlegare enn same perioden i fjor, då resultatet var åtte millionar kroner.

Domstein
Foto: NRK

Årsaka til nedgangen er lågare marginar for ferdigvarer, noko som igjen kjem av høge råstoffkostnader. Negativ valutautvikling har og trekt resultatet ned.

Rolf Domstein
Foto: NRK

- Vanskeleg å tene pengar

Konsernsjef Rolf Domstein seier at høge prisar på både kvitfisk og laks gjer at det for tida er vanskeleg å tene pengar på vidareforedling og omsetnad av ferdigvarer. 

- Skal bli marknadsleiar i Norden

- Dette endrar likevel ikkje strategien vår om å vekse innan ferdigvarer for å bli marknadsleiar for sjømat i Norden. Eg er glad for den positive resultatutviklinga i Domstein Pelagic og Ervik Havfiske. Det er viktig å ha flere bein å stå på, seier Rolf Domstein.

Driftsinntektene til konsernet var om lag 490 millionar kroner,  mot vel 441 millionar. i fjor. Auken kjem først og fremst frå oppkjøp og etablering av nye selskap innan ferdigvareområdet.  

Bra for Domstein Pelagic

Domstein Pelagic auka både aktiviteten og marginane og fekk eit driftsresultat på 19 millionar, mot 18,6 millionar i fjor.

Domstein Enghav auka omsetnaden med 62%. Driftsresultatet  vart 2,9 millionar, mot 3,4 millionar i fjor. Resultatnedgangen kjem dels frå reduserte marginar, men og frå ekstra kostnader i samband med etableringa og integreringa av dei nye selskapa.

Ervik Havfiske går godt

God drift og høge fiskepriser gjorde at Ervik Havfiske, som Domstein-konsernet eig 50% av, betra resultatet sitt kraftig i første kvartal. Driftsresultatet auka til 20,7 millionar kroner frå 16,5 millionar i fjor.