Hopp til innhold

Vart serieopningas mest verdifulle spelar

Mathias Loftesnes (23) frå Sogndal fekk den best tenkelege starten for sin nye klubb, Asse-Lennik, i øvste divisjon i den Belgiske ligaen.

Mathias Loftesnes

NYTT LAG: Denne sesongen spelar sogndølen Mathias Loftesnes for den belgiske toppklubben, Asse-Lennik.

Foto: Asse-Lennik

Laurdag kveld møtte laget nyopprykka VDK Gent i sesongens første kamp, og sikra 0-3-siger (14-25, 17-25, 20-25).

Loftesnes, som i sommar signerte ein nimånaderskontrakt med det belgiske topplaget, spelte heile kampen og vart kampens mest verdifulle spelar, med beste angrep- og mottaksstatistikk.

– Godt å kome i gang

Det var sogndølen godt nøgd med.

– Eg føler meg i god form. Etter ei lang oppkøyring er det godt å endeleg komme i gang igjen, seier Loftesnes som trivst godt i klubben og har funne seg godt til rette i Belgia.

Den nye arbeidsgivaren hans vart nummer fem i den belgiske toppdivisjonen førre sesongen og skal ut i Europacupen i haust. Loftesnes har tidlegare spelt to år for estiske Selvin Tallin før han dei siste to sesongane spelte for Førde. No kjende han seg klar for nye utfordringar, og synte laurdag at det takla han godt.

– Vi fekk ei stor luke tidleg i alle setta. Dei klarte aldri å ta oss igjen. Vi hadde godt servepress og ei god blokk, som gjorde det vanskeleg for dei å ta poeng, seier 23-åringen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Asse-Lennik

STARTA MED SIGER: Det vart ein bra start på serien for Asse-Lennik, og kanskje særleg for nykommaren Mathias Loftesnes, som vart kåra til den mest verdifulle spelaren i kampen.

Foto: Asse-Lennik

Må terpe på samspelet

Trass i ein komfortabel siger i serieopninga, ser han likevel forbetringspotensial, både hos seg sjølv og i laget.

– Det er framleis mykje som kan terpast på, kanskje mest samspelet vårt med tanke på at vi er tolv spelarar som spelar saman for første gong denne sesongen, seier han.

Allereie førstkomande onsdag er det cupkamp for Asse-Lennik mot eit anna elitelag.

– Dei er nok tøffare motstand ein VDK Gent, så vi må vere fullt skjerpa, seier ein nøgd Mathias Loftesnes til NRK seint laurdagskveld.