Hopp til innhold

Knallhard kamp om stopparplassane

Med signeringa av Even Hovland har Sogndal sju midtstopparar, seks av dei speleklare mot Haugesund.

Reiss Greenidge på sogndaltrening

GIR ALT: Sogndalspelarane, og spesielt stopparane, har knallhard kamp om plassane i startoppstillinga. (Arkivfoto)

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndaltrenar Eirik Bakke har nesten eit lite lag av midtstopparar å velja mellom når han skal ta ut sine utvalde før kampen mot Haugesund på søndag. Sju midtstopparar tel troppen, seks av dei er skadefrie og spelesugne.

Eirik Bakke

AVGJER KVEN SOM SPELAR: Trenar Eirik Bakke.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Med berre eitt poeng ned til Kristiansund på kvalikplass, bør Sogndal vinna for ikkje å for alvor hamna i nedrykkssumpen. Bakke er klar på at å ha så mange midtstopparar berre er positivt.

Even Hovland

1 AV 6: Midtstoppar Even Hovland.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er godt å ha mange spelarar tilgjengelege, sjølv om eg må skuffa nokon av dei. Litt av nøkkelen til å få ein bra haust er å ha mange å velja mellom. Eg hugsar jo tidlegare i år når me berre hadde éin stoppar, seier Bakke.

Hovland spelar truleg

Siste tilskot i midtstopparrekkja er Even Hovland. Han har trent med Sogndal i sidan han var ferdig i tyske Nürnberg i vår, og måndag signerte han for klubben. Tidlegare denne veka vart han drilla som ein av tre midtstopparar på trening på stor bane, i lag med Kjetil Wæhler og Bjørn Inge Utvik.

– Spelar Hovland?

– Even er henta heim for å spela. Han er med i troppen, men laget får du ikkje vita no. Det er godt å ha han med i gjengen og eg ser han er spelesugen, svarar Bakke.

Knallhard konkurranse

– Det er klart at folk blir forbanna om dei ikkje for spela. Det er stor konkurranse, så det er berre sunt og positivt, seier Hovland.

Mannen med 24 landskampar er budd på ein tøff kamp om plassen og ein tøff kamp mot Haugesund.

– Det blir godt å få vera med att, og forhåpentlegvis få nokre minutt. Men det blir tøft, slik som alle andre kampar. Me kjempar om å koma oss opp frå botn, og Haugesund er med lenger oppe. Så det er to lag som vil ha tre poeng, seier han.

Laster innhold, vennligst vent..