Jan Hammersvik har stilt deler av eigedommen sin til disposisjon, og han synest "Tun pluss" er eit godt tilbod for dei eldre. - Det å ha eit sosialt nettverk er viktig, seier han.
Viser det seg at pilotprosjektet blir ein suksess, kan det i 2007 bli bygd eit tun på eigedommen til Jan Hammersvik. Han ønskjer at folk kan få busette seg der. Det er snakk om 10-15 bygningar. Budelen skal vere privat, medan det er fellesfunksjonar som stove og gjestehus.
Samarbeid
Politikarane i Selje har no gitt klarsignal til å starte pilotprosjektet saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Fylkeskommunen vil støtte det heile med 200.000 kroner, seier Trond Sundby i regionalavdelinga i fylkeskommunen. Han meinar det er behov for eit slikt tun for dei eldre. Det er stadig fleire aktive eldre som treng eit butilbod.
Gamal buform
Døme på gamalt klyngetun. Havråtunet på Osterøy.
Klyngetun er ei gamal buform der mange hus ligg tett saman, og som var vanleg eit godt stykke ut på 1900-talet. Målet i dette prosjektet er at unge eldre skal få kome tettare saman i eit distrikt der det er store avstandar.
Det er også fleire klyngetun under planlegging i fylket, mellom anna i Stryn og Jølster. Men desse fokuserer i større grad på den yngre generasjon. Vert pilotprosjektet ein suksess i Selje er målet å få fleire slike tun andre stader i fylket, seier Sundby.