Hopp til innhold

Klubblause Karadas har tilbod frå fleire skandinaviske klubbar

Eidaren Azar Karadas (30) er løyst frå kontrakten med tyrkiske Kasimpasa. No vurderer han fleire tilbod frå klubbar i Skandinavia.

Azar Karadas

I NORGE: Azar Karadas er løyst frå kontrakten med tyrkiske Kasimpasa. No ynskjer han seg aller helst ein norsk arbeidsgjevar.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Bergensavisen skriv torsdag at nordfjordingen er på heimlege trakter og trente torsdag morgon med bergensklubben Brann.

– Eg har fleire spennande tilbod frå klubbar i Skandinavia, men i utgangspunktet er det i Norge eg vil bli no, seier han til avisa.

Store ambisjonar

Saman med kona og deira tre born, blir Karadas i byen mellom dei sju fjell til han har funne seg ny klubb. Sjølv vil han ikkje seie noko om kvar han spelar fotballen sin framover.

– Eg har i alle fall framleis store ambisjonar og krav til meg sjølv som spelar, så får tida vise kvar eg endar opp, seier han til avisa.

Brann-trenar Rune Skarsfjord vil ikkje kommentere om partane er i dialog om retur til Brann stadion for den tidlegare publikumsfavoritten.

Løyst frå kontrakten

I Norge har Karadas spelt både for Brann og Rosenborg etter at han reiste frå Eid. I utlandet har han prøvd lukka i Benfica, Portsmouth, Kaiserslautern og sist Kasimpasa.

Opphaldet i Tyrkia har vore langt frå oppløftande for 30-åringen. Etter å ha sikra Kasimpasa opprykk til øvste nivå , vart han i sommar løyst frå kontrakten. Allereie tidleg i år vart det klart at eidaren ynskte seg heim til Norge .

– Det har vore ting i Tyrkia som ikkje har løyst seg. Men no har vi ordna opp slik at eg no er gratis og på jakt etter ein ny klubb, seier Karadas til BA.