Hopp til innhold

Klokka 09 kjem Ap sitt alternative statsbudsjett - det meiner ho er godt nytt for fylket

Meir satsing på næringsutvikling og ytterlegare tapskompensasjon til fylkeskommunen skal vere noko av det som kjem i Arbeidarpartiet sitt alternative budsjett klokka 09.

Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) blar i Sjømatindustriutvalgets rapport

POSITIV: Stortingsrepresentant Ingrid Heggø (Ap) er fornøgd med deira alternative statsbudsjett.

Foto: Nils Henrik Måsø / NRK

– Det er eit veldig godt budsjett for Sogn og Fjordane der vi kjem med nye satsingsområde som vil komme vårt fylke til gode, meiner stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Arbeidarpartiet legg fram alternativt statsbudsjett fredag morgon.

– Vi er veldig attkjennande i budsjettet, og det er eg glad for, seier Heggø.

Trur tapskompensasjonen kan redde vidaregåande skular

Ho peikar spesielt på dei regionale utviklingsmidlane som eit grep ho meiner vil komme Sogn og Fjordane til gode.

– Det er midlar som går til næringsutvikling, til dømes næringshagane, seier Heggø.

I dette ligg også dei såkalla INU-midlane, som går på arbeidsgjevaravgifta.

– Også tapskompensasjon på 70 millionar ligg der. Det vil kanskje gjere til at ein kan redde dei vidaregåande skulane, trur Heggø.

Meiner dei held det dei lova

Ho meiner dette er med på å hjelpe fylkeskommunen i den kinkige økonomiske situasjonen denne er kommen i.

– Vi lovde at vi skulle ha det i fem år, og det følgjer vi opp, seier Heggø.

I det alternative budsjettet skal det også liggje ei stor satsing på det som kallast bioøkonomi.

Hevdar dei satsar på distrikta

Ho meiner budsjettet er svært distriktsretta.

– Vi kjem også med tiltak direkte mot byane, men vi er også klar på både Vestlands-satsing og distriktssatsing, seier Heggø.

Ho meiner det alternative budsjettet byr på mykje spennande innanfor gründersatsing for bedriftene.

– Men eg kan ikkje røpe så veldig mykje før klokka 09, seier Heggø.