Hopp til innhold

Kloakklukt førte til at dette anlegget måtte stenge

Kloakk-kompost fører til store luktplager i Førde. I Nordfjord tok dei konsekvensen av lukta og la ned heile anlegget.

Oversiktsbilete Reset

STENGDE: Anlegget i Hjelmelandsdalen i Nordfjord hadde så store luktproblem at dei valde å stenge det ned.

Foto: Asgeir Bakke

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tidlegare i dag skreiv NRK om Magnar Indrebø og Bente Eriksen, som meiner dei blir så plaga av lukt frå Sunnfjord Miljøverk at dei ikkje kan vere utandørs.

Dei bur i nærleiken av eit anlegg som nyleg har begynt å lage kompost av kloakkslam, etter at eit tilsyn frå Fylkesmannen, Mattilsynet og Førde kommune avdekka ulovleg deponering der.

Må investere dyrt

I 2014 fekk Nordfjord Miljøverk mange klager på anlegget sitt i Hjelmelandsdalen i Eid. Her vart drifta lagt ned.

– Eit av hovudargumenta for å legge ned var klagene frå dei som måtte kjenne på lukta, seier dagleg leiar Svein Ottar Sandal i Nordfjord Miljøverk.

– Både luktplagene og avsig frå komposthaugen i bakken er ein gjentakande problematikk. Fylkesmannen kravde betre løysingar til avsig, og eit tak for å beskytte haugen mot regnet. Det ville blitt store investeringar. I staden la vi ned, seier han.

No blir kloakkslammet frå Nordfjord avvatna og køyrt til Vestnes kommune i Romsdal.

– Skal ein drive i denne bransjen, krev det ny teknologi og betre løysingar. Det er dyrt å drive, seier Sandal.

Komposthaug

STINKAR: Denne haugen gjer livet surt for naboane.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK

Skal vurdere vedtaket

– I tilsynet fann vi at kloakkslammet inneheldt ein del tarmbakteriar, tungmetall og partiklar som ikkje skal vere i komposten, seier Grete Hamre i miljøavdelinga hos Fylkesmannen.

Hamre seier miljøverket var opptekne av å ordne opp i problemet sjølv, og dei fekk midlertidig løyve til å prøve ut kompostering. Eit av kriteria dei sette i avtalen, var at lukt ikkje skulle bli eit problem for nærmiljøet.

– Fylkesmannen gir løyve med visse kriterium, og det er bedrifta som har ansvaret for at det blir oppfylt, seier Hamre.

1. september går det mellombelse løyvet ut, og då skal Fylkesmannen vurdere om kontrakten er oppfylt.

Klagefristen er ute

Grete Hamre i Fylkesmannen seier at Sunnfjord Miljøverk kanskje bør tenke over rutinane sine.

– Den vonde lukta har mykje med vindretninga å gjere. Kanskje bør dei vente med å snu på komposten til vinden bles rett veg.

Ho meiner det er vanskeleg å seie kva som blir konsekvensane for miljøverket etter 1. september.

– Eg har ikkje full oversikt over alternativa, men eit resultat kan bli at ein må begynne å køyre slammet til ein annan stad som kan handtere det.

Klagefristen på vedtaket gjekk ut tre veker etter at det blei tinglyst.

– Vi har ikkje fått klager på vedtaket, seier Hamre.

Kompost

ULEVELEG: – Det er ei sur, søt og skarp lukt. Det er kvalmande, og ikkje til å samanlikne med noko anna. Lukta av gris er ei fin lukt i forhold, seier Magnar Indrebø.

Foto: Marte Iren Trøen / NRK