Klipte håret for å støtte kreftsjuk kompis

STRYN (NRK): Det er fint å ha gode venner når livet snur den mørke sida til. Det har sjetteklassingen Lukas Tansøy Veum fått oppleve då han vart alvorleg sjuk.

KLIPTE SEG FOR VENNEN: Gustav Fredheim, Naiyana Fjelle og Markus Lindvik Edelston klipte håret for å støtte kreftsjuk kompis.

1. april i år fekk han vite at han har leukemi, og kreftbehandlinga gjer at han mister håret.

– Først vart eg litt lei meg, men eg valde å klippe håret sjølv, og eg vart fort vand til det, fortel Lukas.

Før han byrja på cellegiftkuren på Haukeland hadde han litt langt lyst hår med sidesveis. Det har han ikkje lenger. Det har heller ikkje venninna Naiyana Fjelle og kameratane Markus Lindvik Edelston og Gustav Fredheim.

– Vi valde å klippe oss i sympati med Lukas, så han ikkje skulle kjenne seg utanfor og åleine, fortel kameratane til Fjordingen, som var dei første som skreiv om saka.

Overraska og glad

På Haukeland universitetssjukehus er Lukas halvveges i kreftbehandlinga og set stor pris på gesten frå kameratane.

 Lukas Tansøy Veum

MISTE HÅRET: Lukas Tansøy Veum miste alt håret etter cellegiftbehandling.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

– Det er veldig, veldig fint gjort av dei. Eg set veldig stor pris på at dei gjorde det, seier Lukas.

– Betyr det at de alle saman har same sveisen no?

– Ja.

Sjetteklassingen har vore gjennom to tøffe cellegiftkurar som har tatt på. Då er det godt å vite at ein har gode kameratar som tenker på ein.

– Det er veldig viktig fordi dei hjelper og støttar meg, og i starten så trøysta dei meg og. Eg tykkjer det er veldig gøy og ha slike venner. Spesielt no i denne perioden, seier Lukas.

Til vennene har han no ei gladmelding:

– No har vi fått vite at eg er kreftfri. Prøvesvara er veldig bra, så det går eigentleg veldig fint med meg.

No skal han ha tre veker pause før han skal ta dei to siste kurane med cellegift.

Lukas Tansøy Veum og Siren Tansøy Eide

PÅ SJUKEHUS: Lukas har selskap av mamma Siren Tansøy Stølen medan han er på sjukehus.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Tøff tid

På Haukeland har sjetteklassingen med seg mamma Siren Tansøy Stølen. Ho er imponert over kor bra sonen taklar den tøffe behandlinga han må gjennom for å bli frisk.

– Det har sjølvsagt vore mykje opp og ned, men når Lukas sjølv er så positiv så smittar det gode humøret hans over på oss andre. Men det har vore nokre tøffe tak med oppkast og tårer, men det har gått veldig fint. Det er merkeleg kva ein toler når ein først er tvinga opp i det, seier Stølen.