NRK Meny
Normal

– Trist om Vetti gard skulle vere stengd endå ein sommar

Klingenberg Hotell på Årdalstangen vil stå for drifta av Vetti gard og turiststasjon i sommar.

Vetti gard og Erling Eggum

FÅR TILBOD I ÅR: Dei som tek turen til Vetti i sommar får tilbod om overnatting og mat og drikke, seier Erling Eggum.

Foto: Kjell Arvid Stølen/Imre Gabor

I fjor var den tradisjonsrike garden i Utladalen stengd for fjellturistar for første gong sidan 1870-talet.

Hotelleigar Erling Eggum seier dei satsar på å opne for sesongen 24. juni.

– Vetti er viktig for turismen i Årdal, det er ein institusjon der det har vore overnatting sidan 1800-talet. Så det er trist om det skulle stengast ned.

I fjor møtte folk stengde dører på Vetti gard og turiststasjon. Stiftinga Utladalen naturhus som hadde drive garden dei siste åra, såg ikkje annan utveg sidan drifta gjekk med underskot.

Erling Eggum

– VIKTIG FOR TURISMEN: Hotelleigar Erling Eggum satsar på å drive Vetti gard og turiststasjon i sommar.

Foto: Imre Igari Gabor

Skuffa turistar i fjor

Erling Eggum er klar over at drifta av Vetti gard og turiststasjon ikkje kjem til å bli noka gullgruve for Klingenberg Hotell. Men han meiner at tilbodet i Vetti er så viktig for både fjellvandrarar og meir tilfeldige dagsturistar at dei vil ta på seg oppgåva.

– I fjor var det ein del turistar som vart skuffa, og det har og vore spørsmål frå folk i Årdal om det skulle bli opna att, så vi meiner det er viktig at vi greier å halde det ope der.

Vetti gard stengd

STENGT I FJOR: Dette skiltet møtte dei som tok turen til Vetti i fjor.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Glad eigar

Eigaren av Vetti gard og turiststasjon, Berit Johansen Vetti, seier at ho er glad for at det ser ut til å bli drift denne sommaren.

Mange fjellvandrarar i Vest-Jotunheimen har overnatta i Vetti før dei tek turen innover fjellheimen. Til Skogadalsbøen er det ein tur på fem-seks timar. I tillegg er det mange årdøler og turistar som tek spaserturen frå Hjelle til Vetti og vidare til Vettisfossen.

For mange av desse har det vore naturleg å kjøpe drikke og mat på turiststasjonen. Det tilbodet hadde dei ikkje i fjor sommar.

Vetti gard

OPNE DØRER I SOMMAR: Det tek ein times tid å gå frå Hjelle til Vetti, og for mange unge årdøler har is og brus i tunet i Vetti vore premie for innsatsen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Meir heilskapeleg tilbod

Det er vel ein månad til den planlagde opninga 24. juni, og den tida må brukast til naudsynt vedlikehaldsarbeid. I tillegg ynskjer Erling Eggum å gje overnattingsgjestene i Vetti eit dusjtilbod. Han meiner det vil vere positivt også for Klingenberg Hotell at det er drift i Vetti.

– Vi ser det og som ei støtte til Klingenberg. Sjølv om det ikkje skal vere ein direkte kombinasjon mellom hotellet og Vetti ser vi at vi kan støtte kvarandre. Vi får eit meir heilskapeleg tilbod til turistane som vil kome til Årdal.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.