Hopp til innhold

Skisentera kan bli offer for klimaendring – bør byggjast høgare i fjellet for å vere snøsikre

– Klimaendringar kan føre til drastiske endringar for skisentera på Vestlandet, seier klimaforskar. Mange skitrekk er allereie stengde før påske, og slik kan det bli også i åra som kjem.

Klimaendringar kan skapa store vanskar for skisentera på Vestlandet. 
Allereie no må skianlegg som vanlegvis e snøsikre, stenga nederste delen av trekket.

SJÅ TV-SAK: Klimaendringar kan skape store vanskar for skisentera på Vestlandet. Allereie no må skianlegg som vanlegvis er snøsikre, stengje nedste delen av trekket.

Mildvêr har vore eit problem for mange skisenter denne sesongen. Skisenter som ligg lågt i terrenget og nært kysten får mindre snø.

Carlo Aall, klimaforskar, Vestlandsforsking

MINDRE SNØ: Klimaforskar Carlo All i Vestlandsforsking seier det blir mindre snø i åra som kjem.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Carlo Aall i Vestlandsforskning seier utsiktene for snøfall i kystnorge dei neste 50 til 100 åra ikkje er berre kvite.

– Vi ser jo at dei kystnære skianlegga ligg faretruande til, seier Aall.

Skisenter over heile Vestlandet som ligg lågt i terrenget har slite med lite snø denne sesongen.

Må leggje ned anlegg

Det vil seie at somme skisenter kan måtte leggje ned.

– Det er tøft å spå korleis det ser ut, men eg vil ikkje bli forundra om dei anlegga som ikkje ligg i nærleiken av ein isbre vil slite, seier Aall.

Likevel trur klimaforskaren det kan vere fleire redningar for skisentera.

– Dei kan velje mellom tre hovudstrategiar, dei kan fikse på anlegga, dei kan forlenge anlegga eller flytte dei. Den fjerde moglege løysinga er å la vere å satse på anlegg, men arrangere turar der ein reiser dit snøen er i staden for å rette på snøforholda der anlegga er, fortel Aall.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kart over skianlegg

VIL SLITE: Kystnære skianlegg vil slite i framtida, meiner klimaforskaren.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Brune flekkar i bakkane

– Det blir jo ei alpinløype berre det å komme seg ned gjennom dei brune flekkane, seier Cecilie Grendahl som er dagleg leiar på Hodlekve skisenter i Sogndal.

I botnen i skitrekket trer underlaget fram gjennom snøen. Grendahl seier det no er i grenseland.

– Påska er sein i år, men hadde det ikkje vore for at vi også hadde rydda Rindabotn som ligg høgare, så hadde det ikkje sett så bra ut, seier ho.

Kan klare å produsere snø

Harpefossen skisenter i Eid kommune fortel styreleiar Steinar Bjørhovde at er dei usikre på korleis ein skal løyse snømangelen i framtida.

– Samstundes skjer det mykje teknologisk utvikling når det gjeld dette med snøproduksjon. Då tenkjer eg på kjøletårn og snøproduksjonsanlegg som kan produsere heilt uavhengig av temperatur. Så det ligg moglegheiter til å få produsert snø, seier Bjørhovde.

– Med det klima vi har her, så har vi nesten like gode føresetnader for å ha snø om sommaren som om vinteren.

Dei utvida skitrekket sitt i 2010 for å vere meir snøsikre. Då bygde dei eit nytt trekk 250 høgdemeter lenger opp. Likevel har dei hatt ein dårleg sesong. Dei har meir fjell å gå på.

– Vi kan halde fram med å byggje oss oppover i fjellet. Men det vert eit kostnadsspørsmål. Så det vert ei vurdering mellom kostnad og nytte om kor mykje ein har att for slike investeringar, seier Bjørhovde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Cecilie M. Grendahl, Hodlekve

HAR OPE: Hodlekve skisenter er ein av få som kan ha ope i påska fordi dei har anlegg høgare oppe i fjellet. Dagleg leier er Cecilie Grendahl.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Høgare til fjells for å sikre snø

Hodlekve i Sogndal har utvida skitrekket til i år. Ein ny skiheis som startar 200 høgdemeter lenger opp gir snø til folket

– Det har hatt veldig mykje å seie. Vi har jo fått moglegheita til å få mykje snø sjølv om det har vore veldig dårleg rundt om andre stader. Mange alpinlag har kome for å trene hjå oss fordi dei ikkje har kunne ha trening i sine anlegg, fortel Grendahl.

Planane er å utvide enda høgare til fjells. Dette har vore løysinga denne sesongen.

– Påska er redda, mest på grunn av ny heis som startar mykje høgare over havet enn andre heisar. Det har gjeve oss ein snøsikker vinter, seier Grendahl.

Sørpe i skianlegget
Foto: Randi Indrebø / NRK