Gustav Johan Nydal.
- Vi treng styrke eigenkapitalen og arbeidskapitalen. Den beste måten å få det til på, er å skaffe oss ein partnar som kan utvikle bedrifta vidare, seier administrerande direktør ved Kleven Florø, Gustav Johan Nydal.
1,7 milliardar kroner
For å få ein kontrakt må verftet stille opp med risikokapital på mellom 15 og 20 prosent av byggekostnaden. Når verftet no har ordrar for 1,7 milliardar kroner, og har opsjon på endå fleire skip, er kravet til eigenkapital blitt ganske så stor for verftet. Men kor enkelt er det å finne ein slik rik partnar.
Kleven Florø.
- Dei sjansane betrar seg etterkvart som vi klarer å produsere resultat og folk ser at dette er ei næring og bedrift som er verdt å satse på
Jobbar med saka
Nydal seier dei jobbar med saka og håpar å komme til ei løysing om ikkje så lenge. Han vil ikkje seie noko om aktuelle partnarar, men på spørsmål om det er bankar, finansinstitusjonar eller andre verksemder med kapital, svarar han slik.
- Det kan vere begge deler.