Selskapet skal utvikle designet på ein heilt ny type kjemikalietankarar som skal gå i innanriksfart i Kina. Kontrakten er både historisk og viktig for Florø-selskapet, seier Arnhild Dyrhaug i Kleven Design.
Kontrakten gjeld utforminga av i alt fire skip, og dei skal byggjast ved eit verft i Shanghai i Kina. Dyrhaug seier at det ikkje var aktuelt for Kleven i Florø å konkurrere om bygginga av skipa.