Det skaper problem for Kleven Florø at 1000 kurdarar i Norge misser arbeids- og opphaldsløyva. Det er Utlendingsdirektoratet som har bestemt dette.
Direktør ved Kleven Florø, Gustav Johan Nydal er skuffa over at ein kurdar på verftet i Førde no misser retten til å arbeide. Men det gjer han altså, fordi UDI tviler på identiteten til kurdaren, og meiner det er trygt for han å reise tilbake til Nord-Irak.
Utlendingsdirektoratet kan likevel ikkje tvinge verken han eller dei 1000 andre i same situasjon her i landet til å reise heim, og alternativet for dei blir då å gå på sosialen.
Kleven-direktøren skulle gjerne ha hjelpt både kurdaren og bedrifta si, men føler det er lite å gjere.
Det betyr at han no må finne ein erstattar for den kurdiske arbeidaren, og det er ikkje enkelt.