Hopp til innhold

Viser baken til regjeringa sitt kuttforslag

Høgskulestudentar i Sogn og Fjordane vil kaste kleda for å markere usemje med regjeringa. Bodskapen er: «Nakne utan internasjonale studentar».

Naking mot skulepengar

AKSJONERER: Studentane protesterer mot innføring av skulepengar for utanlandske studentar. I midten av bilete ser vi styreleiar av Studentparlamentet, Tollak Mikal Kaldheim.

Foto: Bjørner Often Sveen

Markeringa skjer på måndag og skjer i samband med Norsk Studentorganisasjon (NSO) si markering av «International Student’s day». Regjeringa ønskjer å innføre skulepengar for internasjonale studentar frå utanfor EU og EØS.

Leiar Tollak Mikal Kaldheim av Studentparlamentet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane seier dette er eit heitt tema i student-Norge.

– Det er viktig for oss å skape blest og engasjement rundt denne saka. Vi kjem til å kjenne oss nakne dersom dei internasjonale studentane ikkje lenger søker seg til Noreg fordi dei må betale skulepengar, seier han i ei pressemelding.

– Det måtte drastiske grep til

Kaldheim seier at å få internasjonale studentar dei siste åra har vore eit mål for Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Førebels er dei internasjonale studentane ved høgskulen frå EU og EØS, så verken i Sogndal eller i Førde er det mange studentar som vert råka av regjeringa sitt forslag.

– Vi håpar jo at det skal bli fleire internasjonale studentar ved høgskulen, så kuttforslaget er jo ikkje vegen å gå. Satsinga er verdilaus om regjeringa kuttar støtta, meiner Kaldheim.

Tollak Mikal Kaldheim og Ingrid Moe Albrigtsen

REAGERER PÅ KUTT: Studentparlamentsleiar Tollak Mikal Kaldheim og NSO-representant Ingrid Moe Albrigtsen reagerer på kutt i støtta til internasjonale studentar.

Foto: Bjørner Often Sveen

– Men korfor bruker de naken kropp i ei slik sak?

– No er det harde budsjettforhandlingar om dagen. Vi hadde rekna med at denne saka skulle løyse seg fint, og at støtta ikkje skulle kuttast, byrjar Kaldheim:

– Det er veldig lett at ei sak som dette druknar. Korleis skulle folk leggje merke til saka? Vi ønska å lage skape blest om saka, og da vart vi einige om at det måtte drastiske grep til. Og kropp funkar!

– Kva for reaksjonar har de fått?

– Vi har fått overraskande positive meldingar på det. Eg trudde at folk skulle seie "kva er poenget med det her?", men det har dei ikkje gjort. Og det gjekk veldig greitt å få folk til å stille, folk er sporty her i bygda, ler Kaldheim.