Hopp til innhold

Kleppa vil ha påbod om vinterdekk

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa vil ha eit påbod om vinterdekk. Og det skal gjelde alle.

Magnhild Meltveit Kleppa

SKAL BLI ENKLARE: Magnhild Meltveit Kleppa trur det blir enklare å stogge utanlandske vogntog med eit slikt påbod.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Mitt mål er at det skal vere på plass eit påbod om vinterdekk innan neste vinter, seier Kleppa til VG Nett.

Det er nemleg ikkje noko påbod om at du må køyre med vinterdekk i Norge. Kravet er at du skal vere skodd etter føretilhøva.

Fleire dårleg skodde innblanda i uhell

– Ulykkesstatistikken syner at alle ikkje er skodde etter tilhøva. Dei som køyrer på sommardekk om vinteren er overrepresenterte i ulykker, seier Kleppa til avisa.

I Sogn og Fjordane har det ved mange høve stått utanlandske vogntog på kryss og tvert på fjellovergangane, mange av dei har slett ikkje vore skodde til godt, norsk vinterføre.

Blir lettare å avvise vogntog

Når samferdsleministeren no raslar med sablane og vil ha på plass eit påbod, så vil dette gjelde alle. Men påbodet vil vere retta spesielt mot dårleg skodde utanlandske vogntog.

– Det vil bli langt enklare for kontrollmyndigheitene å avvise vogntog på sommardekk. I dag er det ikkje tillete å halde desse tilbake sjølv om kontrolløren trur dei kjem til å få problem med føret, seier Kleppa.

Ho meiner at eit stadig skiftande klima også aktualiserer eit slikt påbod.

– Dette vil redde liv, hindre skadar og spare tid og irritasjon for andre bilistar når eit vogntog med sommardekk sperrar vegen, seier Kleppa.

NAF jublar ikkje

Allereie tidlegare i vinter varsla ho strengare reglar mot dårleg skodde vogntog. Ho ønskjer mellom anna å halde att fleire vogntog og stengje fjellovergangar ved kraftig uvêr.

Men bilistane sin interesseorganisasjon, Norges Automobil-Forbund, NAF, meiner dagens lovverk gjer nytten.

– Særleg på Sør- og Vestlandet, der det er milde vintrar, er det faktisk betre gripeevne med gummien i sommardekk. Vi trur på informasjon, ikkje påbod, seier kommunikasjonssjef Inger Elistabeth Sagedal til avisa.