Ein svensk myggekspert tek seg klekkeleg betalt for å levere feller som skal drepe knotten på Gulatinget i Gulen. Det skriv VG i dag.
Knotten er ille i naturleg storleik, men enda meir skremande forstørra!
Han har tilbydd å levere dei tolv fellene for 700 000 kroner.
Seks gonger for dyrt
Men avisa seier prisen vil blitt 120 000 kroner ved å bestille dei same fellene direkte frå Skottland.
Dermed stikk svensken heile 580 000 kroner i eiga lomme. Ingen av dei involverte partane vil kommentere saka til NRK.