Hopp til innhold

Klatrebragd av breiming

Ikkje alle kjem heim igjen i live. Det gjorde Sigurd Felde.

Sigurd Felde

Sigurd Felde på toppen av ein islagd Vettisfoss.

Foto: Steinar Lote

I ein månad har breimingen Sigurd Felde og tre klatrekammeratar vore og klatra i Pakistan.

Great Trango Tower

Målet for turen var Great Trango Tower i Pakistan. Og å klatre den 1500 meter og loddrette fjellveggen blir rekna som ei bragd, sjølv i dei meire blasserte klatrekretsar. 27 dagar tok turen opp - nedturen noko mindre -

- Det var godt å kome heim, seier Sigurd Felde?

-Var du sikker på du skulle kome heim?

- Ja viss ikkje hadde eg reist i det heile.

Redd, men skjerpa

Great Trango Tower i Pakistan

Great Trango Tower i Pakistan.

Nokre syns nok det kan vere bratt nok på vanlege fjellturar, men Felde må ha 1500 loddrette meter for at det skal vere noko til tur.

- Er du ikkje redd?

- Det ligg jo alltid ein frykt for at det kan gå gale, men det er samtidig den same frykta som gjer at ein er ekstra skjerpa. Og fjellet vi klatra i har mange stygge historier bak seg. Men, heldigvis gjekk det bra.

- Korleis er det å vere på trygg grunn etter ein månad hengande i ein fjellvegg?

- Det er ein deilig følelse å gå flatt bortover igjen, avsluttar Felde.