NRK Meny
Normal

«Det hender vi er redde. Då må ein berre skubbe vekk tankane»

Med 23 meter fritt fall under seg, klatrar montørane i dei nye kjempemastene.

Jobbar i toppen av 23 meter høg mast

HØGT OPPE: Montørane Per Arne Refsdal og Vegard Orrestad må pent tole store høgder på jobb for Sognekraft.

Foto: Sognekraft / montasje

Gravemaskin reiser nye master til kraftlinje

REISER MAST: Gravemaskin i gang med å reise ei ny mast til kraftlinja.

Foto: Sognekraft

– Det hender vi er redde. Då må ein berre skubbe vekk tankane og ha fokus på den jobben ein skal gjere, seier Per Arne Refsdal.

Han er ein av dei to montørane du ser på biletet øvst i saka. Saman med Vegard Orrestad er han høgt oppe i ei av dei nye kjempemastene Sognekraft har sett opp på Hagafjellet i Sogndal.

– Vi er vande til å byggje linjer, men dei er vanlegvis med 10–12 meter høge master. Desse kan du seie var litt høgare, seier Refsdal.

Måtte hente mastene med spesialtransport

Sognekraft må leggje om delar av 66 kV-linja si på grunn av plasskollisjon med Statnett si nye kraftlinje på 420 kV mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre. Det er i samband med dette arbeidet dei monterer dei nye mastene på heile 23 meter.

– Det er ikkje vanleg at vi utfører slikt arbeid sjølv. Vanlegvis leiger vi inn entreprenørar til slikt, seier anleggsleiar Stian Skåsheim.

– Så dette er uvanleg høgt for oss. Eg vil tru karane våre brukte litt tid før dei vende seg til høgda, humrar han.

Kjempemastene er så lange, at det måtte spesialtransport til for å få dei på plass langs svingete og smale vestlandsvegar. Dei er henta til Norge frå Tyskland og Canada.

No er det pause i arbeidet inntil vinteren slepper taket og snøen reiser.

Gravemaskin jobbar med ny kraftlinje ved Sogndal

KJEMPEMASTER: Slik ser det ut når Sognekraft set opp kjempemastene på Hagafjellet i Sogndal.

Foto: Sognekraft

– Har lite å seie om det er ti eller 30 meter

Mastene er så kraftig dimensjonerte, at dei vanlege stolpeskoa til montørane vart for små. I staden måtte dei bore inn trinn i treverket før dei reiste mastene. Deretter kunne dei klatre til topps iført tryggleiksutstyr og støttestroppar.

Og sjølvsagt med kilovis med utstyr til å utføre jobben.

– Det er klart eg kjende høgda, men når ein først kjem i gang med jobben så har det lite å seie om det er ti eller 30 meter under deg, seier Refsdal.

Han meiner det er vel så utfordrande når krampa melder seg i fingrar og bein under det tunge arbeidet i toppen av masta.

– Kor krevjande er eigentleg denne jobben?

– Tja. Eg nærmar meg 50, og er ein mann i min beste alder. Men det har vore stunder der eg har tenkt at dette er for yngre folk. Men så er det jo interessant også, smiler Refsdal.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.