Hopp til innhold

Klatra seg inn i eksklusiv klubb

FLORØ (NRK): 29. mai vart Håkon Åsvang den 14. nordmann som har nådd toppen på dei høgste toppane på alle verdas kontinent. Berre i år har fem fullført utfordringa.

Her når Håkon Åsvang toppen av Denali, den høgste toppen i Nord-Amerika.

Det var i slutten av mai at Håkon Åsvang nådde den siste toppen av «Dei sju toppane» – Seven Summits. Med det hadde han vore på den høgste toppen på kvart kontinent. Ein milepæl var nådd.

– Folk har sett rart på meg når eg har kome slepande med to bildekk bak meg oppover her, seier han.

På mørke kveldar gjekk Håkon Åsvang frå Florø gått opp Brandsøyåsen i heimbyen. Sidan toppen berre var 293 meter høg måtte han ha ekstra effekt av turen. To bildekk på slep var løysinga.

– Folk forstod det då dei høyrde det var trening til Mount Everest, men dei lurte sikkert litt, flirer han.

Allereie i barndommen starta han å gå på fjellturar, og etter kvart gjekk det sport i å krysse ut for fjelltoppane han hadde vore på. Då Åsvang seinare flytta til Sogndal for å studere var fjelltoppane i Indre Sogn populære. Særleg var Hurrungane ein favoritt.

– Det er ei fantastisk oppleving å gå fjellet. Eg har alltid likt å gå i fjellet. Det gir ei ro.

Og det å nå toppen på dei sju høgste fjella på alle verdas kontinent har blitt skikkeleg populært dei siste åra. Ralph Høibakk var den første, 24. mai i 1992. Åsvang er den siste av 14 nordmenn på lista, men berre dei siste 12 månadane har lista fått seks nye medlemmer.

Håkon Åsvang på Mount Everest
Foto: privat
Håkon Åsvang har klatra på den høgste toppen på kvart kontinent. Sjå bileta frå nokre av turane.

Dei sju toppane

29. mai nådde han toppen av Denali, den høgste toppen i Nord-Amerika, og dermed hadde Åsvang klart dei sju toppane – Seven Summits.

– Det har vore sju flotte toppar, alle på kvar sin måte. Det er spesielt å ha utsikt frå den høgste toppen på kvart kontinent.

Den største toppen var likevel den største opplevinga. For i 2016 nådde toppen av verdas høgaste fjell. 8848 meter over havoverflata stod han på Mount Everest.

– Det var gutedraumen som gjekk i oppfylling, smiler han.

Og det er ikkje den største toppen som var tøffast. Han fortel at Denali var svært tøff, kanskje tøffare enn Everest. Då er det ikkje vanskeleg å forstå at førebuingane og treningane før turane har vore viktig.

Heldigvis er han glad i å trene. For det blir mykje av det før ein skal klatre 5–8000 meter. 15–20 timar trening kvar veke med styrke og uthald, på treningssenteret eller på eit fjell.

Spesielt på fjellet liker han seg godt.

Skriv seg inn turboka

TURBOKA: Sjølv om han har klatra både Mount Everest og Kilimanjaro er Brandsøyåsen ein favoritt. Sjølvsagt må han skrive seg inn i turboka på toppen.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Ikkje utan risiko

– Det var ein som sa at det farlegaste ein gjere er å stå opp om morgonen, seier Åsvang.

Han er likevel klar på risikoen som er med å klatre i desse fjella.

Då han klatra i Annapurna i Himalaya i 2017 gjekk det nesten gale for gruppa han gjekk med.

Frå der han stod kunne han sjå eit ras gå lengre oppe i fjellet. Raset var på veg ned dit to av kompisane hans stod. Åsvang fekk varsla dei via satelittelefon, så dei fekk festa seg til fjellveggen og berga livet. Alt utstyret deira forsvann med raset.

– Det var ei skremmande oppleving som sit litt i, seier han.

For Åsvang handlar det om å realisere draumane hans. Å trene, førebu seg og klatre opp på fjelltoppen han har set seg som mål.

– Vi veit så lite om kva framtida har med seg, så ein må gjere det no det ein vil gjere, seier han.

Håkon Åsvang på Brandsøyåsen

FLORØ: Det er ingenting å seie på utsikta frå Brandsøyåsen.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Eg får høyre litt med ho mor.

Etter å kunne ha kryssa av for å ha gjort gutedraumen om å klatre til toppen av Mount Everest, samt «Dei sju toppane», er ikkje Åsvang heilt sikker på kva neste tur blir.

– Eg har ikkje bestemt meg for kva eg skal gjere. Eg er veldig glad i Nepal, så vi får sjå. Eg får høyre litt med ho mor, smiler han, og vil ikkje seie så mykje meir om neste topp akkurat no.

I mellomtida bruker han tida godt i fjella og på toppane rundt kystbyen.

– Kva er det ditt beste turtips?

– Det er mange fine toppar. Kjem vel ikkje utanom Hornelen, og så har eg jo eit spesielt til Hurrungane med Store Skagastølstind. Ta med ein guide og ta den toppen, seier fjellklatraren.

Seven Summits Håkon Åsvang