Klatra opp Hornelen med skjold

Med skjold på sekken og hekser på toppen brukte Torbjørn Ruud Hagen og Einar Løken helga på noko heilt anna enn dei fleste.

Hornelen

HEILT OPP: Fem og ein halv time brukte klatrarane på å komme seg opp Hornelen.

Foto: Torbjørn Ruud Hagen

Kvart år tek kring 2000 personar turen til Hornelen i Bremanger, eit fjell som blir rekna for å vere den høgaste sjøklippa i Europa.

Det sentrale landemerket i Nordfjord gjer at spreke turgåarar strøymer til for å nå toppen, men det er særs få som vel å bruke henda for å komme seg opp.

Vêrgudane var i ekstra godt humør ei solfylt helg i september, då Torbjørn Ruud Hagen og Einar Løken bestemte seg for å klatre i spora til den kjende fjellklatraren Kristian Bing.

– Det er ikkje mange som har gjort det etter han, seier Ruud Hagen.

Bing og ein lokal bonde klatra opp austveggen av fjellet på slutten av 1800-talet etter inspirasjon av ei segn. Ei av dei mest kjende segnene er at kong Olav Trygvasson klatra opp fjellveggen og festa eit skjold øvst i fjellet.

– Vi kunne ikkje vere noko dårlegare enn Olav Trygvasson, seier Ruud Hagen.

Hornelen med hurtigruta

LUFTIG: Hornelen ligg 860 meter over havet.

Foto: Rolf M. Sørensen

– Plutseleg må ein henge lenge i fjellveggen

Med sjøluft i håret og eit skjold i sekken starta Ruud Hagen og Løken klatreturen på laurdag. Bak seg hadde dei panoramautsikt over tronge fjordar og høge fjell.

– Det er eit unikt fjell. Du er verkeleg eksponert når du er midt på fjellveggen, seier Ruud Hagen.

Same helga som klatreturen blei det arrangert ei historisk vandring opp fjellet som ruvar 860 meter over havet, men det var berre dei to klatrekameratane som brukte hendene for å komme seg opp. Det gjorde at dei fekk ein meir luftig og bratt tur enn andre denne dagen.

– Det er slitsamt i lengda. Mentalt må ein førebu seg på å henge lenge i fjellveggen, viss ein skulle møte på noko som er vanskelegare enn ein hadde tenkt.

Klatra opp Hornelen

HORNELEN: Torbjørn Ruud Hagen og Einar Løken fekk ein litt uvanleg tur opp den høgaste sjøklippa i Europa.

Foto: Privat

Hekser på toppen

Det var ikkje berre nistepakke og drikke dei to klatrarane hadde i sekken på turen opp Hornelen.

– Vi hadde skjoldet på sekken, så det blei ein del ekstra vekt, seier Ruud Hagen.

Etter nær fem og ein halv time var han og Løken oppe på toppen med skjoldet. Der venta det eit uvanleg syn. I samband med ei historisk vandring tok nokre turen til Hornelen utkledd som hekser med sopelimar. I fleire segn blir det sagt at Hornelen var samlingsplass for hekser.

– Det er første gongen vi har møtt hekser på toppen etter ein klatretur. Dei var meir skumle enn klatreturen, ler Ruud Hagen.