Odd Semstrøm, som er leiar i Årdal Kjemiske Fagforening, er sjølv mellom dei heldige som får 58 pluss-tilbodet. Eller gullpakka som mange kallar det.
70 prosent av løna
Gullpakka betyr at dei som er mellom 58 og 62 år får behalde 70 prosent av løna dei har når dei sluttar, og pensjonen blir vedlikehalden. I tillegg kan dei ta seg anna arbeid. Kor realistisk det er i Årdal i tida framover, er rett nok ei anna sak. Også dei over 62 år får ei bra ordning, men kan ikkje ta seg anna arbeid.
Odd Semstrøm
- Må reise for å få jobb
Men for dei som er yngre enn 58 år og må gå, er tilbodet langt dårlegare, seier Semstrøm. - I byte mot arbeid er det null og niks. For dei som har vore lengst betyr det nesten eit par år med løn, så ein har jo tid til å områ seg. Men då må du sannsynlegvis reise ein plass. Men er du over 45 år, så er det jo vanskeleg å få seg ny jobb, seier han.
Frist til 15. september
Sjølv seier Semstrøm at han har dårleg samvit for dei som må gå med langt dårlegare vilkår enn han sjølv. Og det blir mange, dersom Hydro held fast på dei nedbemanningstala dei har varsla. I Årdal skal talet ned med 285 og i Høyanger med 70 frå 1. april 2005. Dei tilsette har frist til 15. september om å søkje på sluttpakker. Men uansett om alle over 58 år tek mot tilboda dei får, er det eit tresifra tal med yngre arbeidstakarar som må gå ut verksporten for siste gong om vel eit halvt år. Og stemninga blant dei tilsette er ikkje spesielt god, seier fagforeiningsleiaren.