Hopp til innhold

Denne gjengen er først i Klassequizen 2018

Spente 10.-klassingar frå Sande skule i Gaular har både gleda og grua seg. I dag var dei det første laget i Sogn og Fjordane som fekk prøve seg i Klassequizen.

Sande skule - Klassequizen 2018

SANDE SKULE: Mona Lene Bjørvik, Synne Bell Folland, Ole Gåsvær og reserve Ingrid Sande Søgnen.

Laget frå Sande består av Mona Lene Bjørvik, Synne Bell Folland og Ole Gåsvær.

– Det blir sikkert kjekt. Eg har litt sommarfuglar i magen, fortel Mona Lene.

I fjor kom laget frå Sande heilt til fylkesfinalen. Fasit denne gong er at den spente gjengen frå Sande sit att med 5 poeng etter fire rundar med til saman 12 spørsmål.

Eg trur kanskje ikkje vi lever opp til forventningane denne gongen, men vi kunne vel ikkje gjort det særleg betre heller ut frå dei spørsmåla vi fekk, seier Ole Gåsvær.

Her kan du høyre kva spørsmål dei fekk og kva dei svarte. Kanskje du vil prøve deg på spørsmåla sjølv?

Klassekqiuz 2018 Sogn og Fjordane, Wilhelm Støylen

QUIZMASTER: Wilhelm Støylen gler seg til å teste kunnskapsnivået hjå 10.-klassingane i fylket.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli

I år er det deltakarrekord med 38 skular frå Sogn og Fjordane. Klassequizen er ein kunnskapskonkurranse for alle elevane på tiande klassesteg.

Wilhelm Støylen er den som skal køyre rundt og stille meir eller mindre intrikate spørsmål.

– Eg gler meg veldig til å kome rundt og treffe ungdommar i heile fylket. Vi har mange gode spørsmål på lur, og eg er spent på å sjå korleis 10.-klassingane klarer seg når eg kjem på besøk på dei ulike skulane, seier Støylen.

Klassequizen kan du høyre i våre radiosendingar kvardagar i halvtimen mellom klokka 15.00 og 15.30.

Til våren blir det ein lokal finale for å kåre dei to laga som skal gå vidare til dei nasjonale finalane i Oslo.

Oversikt og resultat i Klassequizen Sogn og Fjordane 2018

Dato

Skule

Poeng

8. januar

Sande skule

5 poeng

9. januar

Høyanger skule

10 poeng

10. januar

Eid ungdomsskule

8 poeng

11. januar

Vågsøy ungdomsskule

8 poeng

15. januar

Kvåle skule

12 poeng

16. januar

Hafslo barne- og ungdomsskule

4 poeng

17. januar

Kaupanger skule

6 poeng

18. januar

Gloppen ungdomsskule

12 poeng

19. januar

Hornindal skule

7 poeng

22. januar

Fjaler ungdomsskule

8 poeng

23. januar

Våge skule

9 poeng

24. januar

Askvoll skule

8 poeng

25. januar

Tangen skule

8 poeng

26 . januar

Farnes skule

11 poeng

29. januar

Vassenden skule

9 poeng

30. januar

Olden skule

7 poeng

31. januar

Halbrend skule

7 poeng

1. februar

Skei skule

10 poeng

2. februar

Flatbygdi skule

8 poeng

5. februar

Feios skule

5 poeng

5. februar

Byrknes skule

8 poeng

6. februar

Dalsøyra skule

8 poeng

7. februar

Eivindvik skule

8 poeng

8. februar

Førde ungdomsskule

8 poeng

9. februar

Viksdalen skule

6 poeng

12. februar

Lærdalsøyri skule

8 poeng

13. februar

Aurland barne-og ungdomsskule

10 poeng

14. februar

Lavik skule

9 poeng

15. februar

Hyllestad skule

7 poeng

16. februar

Luster ungdomsskule

9 poeng

19. februar

Bjordal

8 poeng

26. februar

Selje skule

6 poeng

27. februar

Stadlandet skule

10 poeng

28. februar

Sagatun skule

11 poeng

1. mars

Leikanger ungdomsskule

11 poeng

5. mars

Svelgen oppvekst

9 poeng

6. mars

Davik oppvekst

9 poeng

7. mars

Naustdal barne-og ungdomsskule

9 poeng

8. mars

Flora ungdomsskule

8 poeng

12. mars

Solund barne-og ungdomsskule

4 poeng

19. mars

Direkte fylkesfinale

Ekspander/minimer faktaboks